Hopp til innhold
X
Innhald

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Fossbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fossbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen i Sogn og Fjordane vart skipa i 1994 ved at ein slo saman Sogn og Fjordane Distriktshøgskule, Sogndal Lærarskule, Sjukepleiehøgskulen og Ingeniørhøgskulen i Førde og Studiesenteret på Sandane. Høgskulen har kring 2700 studentar og kring 250 tilsette.

Kvifor Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk hovudsetet sitt i Sogndal, kan du lese om her.

Krav om eigen lærarskule i fylket

I 1860 vart det vedteke å starte tre lærarskular i Bergen Stift (tilsvarande Bjørgvin bispedøme). Ein av dei vart starta i Balestrand i 1863, dei to andre på Voss og i Volda. Utdanninga i Balestrand varde i 1 ½ år. I dei 17 åra Balestrand-skulen var i drift tok 236 lærarar eksamen ved skulen. Lærarskulane i Balestrand, på Voss og i Volda vart lagde ned i 1880 fordi ein då rekna med at ein hadde bøtt på den verste lærarmangelen i vestlandsbygdene. Seinare vart Volda lærarskule skipa på nytt i 1895 av Henrik Kaarstad frå Utvik. Etter dette skulle det gå lang tid før spørsmålet om eigen lærarskule i Sogn og Fjordane vart reist på nytt. På 1950-talet hadde Sogn og Fjordane den største lærarmangelen i landet, og 20 prosent av dei som underviste, hadde ikkje godkjend lærarutdanning. Dette var bakgrunnen for at fylkestinget i 1960 gjorde samrøystes vedtak om å krevje at Sogn og Fjordane fekk sin eigen lærarskule. Same året hadde dåverandre skuleinspektør i Fjaler, seinare stortingsmann Oddleif Fagerheim, fått Fjaler kommune til søkje om å få skipa ein lærarskule i Dale i Sunnfjord.

Nybygg på Foss i 2011. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Nybygg på Foss i 2011. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Fylket gjekk inn for Førde – departementet for Sogndal

Året etter tok stortingsmann Hans O. Ommedal opp lærarskulesaka i spørjetimen i Stortinget, men fekk negativt svar frå kyrkje- og undervisningsminister Helge Sivertsen frå Arbeidarpartiet. Han grunngav avslaget med at ein slik skule ville verte for liten. Statsråden støtta seg til utsegner frå det mektige Lærarutdanningsrådet som gjekk inn for samling og sentralisering av lærarutdanninga. Rådet var dominert av representantar for eksisterande lærarskular. Då Ommedal ikkje vann fram med saka sjølv, skreiv han heim til fylkesmann og andre i fylkesleiinga om at no måtte dei sjølve mobilisere. Både Balestrand og Fjaler kasta seg frampå i lokaliseringsdebatten, men fylkesskulestyret gjekk inn for Førde som skulestad. Førde kommune stilte ei tomt på 18 dekar til rådvelde der Førdehuset ligg i dag. Ei eiga ”aksjonsnemnd” med fylkesmann Nikolai Schei i spissen skulle drive kravet om lærarskule i Førde fram, men mislukkast. I staden for å fylgje opp fylket sin vilje om lærarskule i Førde, tok Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1962 kontakt med Sogndal kommune og tilbaud dei ein to-årig lærarskule med opptil 180 elevar. Tanken var at Sogndal-plasseringa kunne stette kravet til nærleik også for austlandsfylka Oppland og Buskerud.

Lærarskule på prøve

Men Sogndal fekk ikkje fullverdig lærarskule i første omgang: I 1963 vart det starta ein lærarskuleklasse med 30 elevar ved Sogndal Gymnas. Dei to første åra vart studentane underviste i Sogndal, og dei to siste måtte elevane fullføre på Volda Lærarskule. Det vart ikkje stilt krav til examen artium for å kome inn, men søkjarane gjekk gjennom opptaksprøvar. Lærarkreftene vart i stor mon henta frå Sogndal Gymnas og frå realskulen i bygda. I 1965 fekk Sogndal Gymnas nybygg på Fosshaugane, og i 1967 vart lærarundervisninga utvida til to klassar.

Lærarskulebygningen frå 1970-talet på Fosshaugane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærarskulebygningen frå 1970-talet på Fosshaugane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjølvstendig lærarskule frå 1972

Ordninga med to undervisningsår i Sogndal og to år i Volda varde fram til 1972, då Sogndal Lærarskule vart skipa som sjølvstendig skule. Denne skipinga kom på same tid som dei første tankane om ein eigen distriktshøgskule i Sogn og Fjordane vart sådde av Studentmållaet i Oslo og Aksjonsnemnda for distriktshøgskular. – Les meir om dette nedanfor. Sogndal Lærarhøgskule, som den seinare vart heitande, vart driven som sjølvstendig skule fram til samanslåinga ved distriktshøgskulen til Høgskulen i Sogn og Fjordane i 1994 – med uttak av tida frå 1975 til 1981 då lærarskulen opplevde eit stormfullt ”tvangsekteskap” med Sogn og Fjordane distriktshøgskule. – Les om dette nedanfor. Men åra fram til ein endeleg fekk ein sjølvstendig lærarskule i sognebygda i 1972 hadde vore fulle av konfliktar og kamp mot maktmenneske i statlege komitéar: Alt i 1967 hadde Kyrkje og undervisningsminister i Borten-regjeringa, Kjell Bondevik, i møte med Sogndal kommune orda frampå om at lærarskulen i Sogndal kunne bli permanent dersom kommunen bygde eige skulebygg. I åra som fylgde vart det i underhandsdrøftingar som kommunen hadde med den mektige leiaren i Lærarutdanningsrådet, Eva Nordland, brukt imot statsråd Bondevik sine utspel at han sjølv var sogndøl og såleis ikkje upartisk! Signala frå Nordland gjorde at kommunen la planen om lærarskulebygg til side, og saka vart ikkje teken fram att før i 1970.

Bondevik vart pådrivaren for distriktshøgskulane

I mellomtida hadde tankane om eit nytt skuleslag – distriktshøgskulane – kome på det politiske sakskartet med Ottosenkomitéen si tilråding frå 1967 om skiping av distriktshøgskular. Kristian Ottosen hadde leia dette arbeidet som tok sikte på å auke utdanningskapasiteten frå 30.000 til 90.000 studentar ved norske universitet og høgskular. Ottosen vart kalla inn til statsråd Bondevik som gav beskjed om at ein skulle prioritere utbygginga av distriktshøgskular. Bondevik fekk også tilsett den 31 år gamle juristen Ingjald Ørbeck Sørheim som leiar for Seksjon for distriktshøgskular i departementet. Arbeidarparti-mannen Ørbeck Sørheim har ætterøter i Luster og hadde vore sekretær for Ottosenkomitéen. I 1969 vedtok Stortinget prøvedrift av distriktshøgskular i Stavanger, Kristiansand og Møre og Romsdal – i det siste fylket som ei ”paraplyordning” med hovudsete i Volda og studium i økonomi og administrasjon i Molde.

Frå eit møte som Aksjonsnemnda for distriktshøgskular hadde i Høyanger i mars 1970. Bak frå venstre Ottar Hov, Oddvar Natvik, Ole Reinhardt Skram og Svein Lundevall. Framme Åse Berge og Steinar Lægreid. Foto frå boka ”Frå skuletun til campus”.

Frå eit møte som Aksjonsnemnda for distriktshøgskular hadde i Høyanger i mars 1970. Bak frå venstre Ottar Hov, Oddvar Natvik, Ole Reinhardt Skram og Svein Lundevall. Framme Åse Berge og Steinar Lægreid. Foto frå boka ”Frå skuletun til campus”.

Bygdestudentar aksjonerte for DH

Året etter gjekk både regjering og stortingsfleirtal inn for at distriktshøgskulen i Telemark skulle leggjast til bygda Bø, sjølv om fylkestinget hadde rådd til Skien. I desse åra arbeidde ”Aksjonsnemnda for distriktshøgskular” målmedvete for å få lagt dei nye høgskulane til bygdemiljø. Aksjonsnemnda hadde utgangspunktet sitt i Studentmållaget i Oslo der den seinare fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, statsvitarstudenten Svein Lundevall, var formann. Leiar i Aksjonsnemnda for folkehøgskular var Steinar Lægreid frå Årdal, og Ottar Hov frå Gaular og Jon Naustdalslid frå Naustdal var med i arbeidsutvalet. Denne aksjonsnemnda var på mange vis ein motkultur i universitetsmiljøa på den tida, der fleirtalet av studentar gjekk inn for sentralisering av høgare utdaning. I Sogn og Fjordane hadde fylkespolitikarane meir enn nok med sjukehusstriden i åra kring 1970 då dei første distriktshøgskulane vart fødde og mønsteret lagt. Dei vegra seg difor for å ta opp ei ny sak som kunne utløyse ny lokaliseringsstrid, og var såleis temmeleg passive. Det skulle difor verte studentar frå fylket med Lægreid og Lundevall i spissen som fekk eigen distriktshøgskule for Sogn og Fjordane på dagsorden. Ein annan som arbeidde iherdig for høgskulesaka, var Kr.f.-politikaren John Lillestøl frå Raudeberg som tok saka opp i Sogn og Fjordane Lærarlag. Lillestøl sitt initiativ førte til skiping av Distriktshøgskulenemnda for Sogn og Fjordane som vart fylkeskommunen sitt talerøyr innover mot departementet, men nemnda var nærmast usynleg dei første åra. Studentane og Aksjonsnemnda for distriktshøgskular var meir aktive: Den 14. mars 1970 tromma dei saman representantar frå alle kommunane i fylket til møte i Høyanger. Også folk frå departementet og ”distriktsfilosofar” var møtte fram og heldt innlegg. Møtelyden slutta seg til eit opprop til statsråd Bondevik om at Sogn og Fjordane hadde eit rettkome krav på å få sin eigen distriktshøgskule.

Nils J. Knagenhjelm.

Nils J. Knagenhjelm.

Sogndals-ordføraren starta lobbyverksemd

Parallellt med dette gjekk det føre seg ein kamp for å sikre permanent drift av ein sjølvstendig lærarskule i Sogndal. Ordføraren i Sogndal, Nils J. Knagenhjelm tok kontakt med statsråd Kjell Bondevik. Knagenhjelm var kjend som ein politisk strateg som hadde nase for i kva rekkjefylgje ein skulle spela korta. Han såg at dersom Sogndal skulle ha von om å få distriktshøgskulen, måtte ein først sikre at lærarskulen i bygda vart permanent, og så byggje vidare på det grunnlaget. Statsråd Bondevik kjende godt lærarskulesaka i si eiga heimbygd frå før. No hadde han betre rikspolitisk ryggdekning til å kunne støtte kravet enn han hadde i 1967. Han utarbeidde i 1971 ein stortingsproposisjon om saka. Men like etter sprakk Borten-regjeringa, og Bjartmar Gjerde vart ny undervisningsstatsråd i regjeringa Bratteli. Arbeidarparti-regjeringa ville sjå lærarskuleutdanninga i samanheng med dei nye distriktshøgskulane. Han stogga difor lærarskulesaka i Sogndal fordi han ville sjå kva som skjedde med utviklinga av distriktshøgskulesaka i Hordaland og Sogn og Fjordane. I Stortinget var det nemleg sterke krefter som alt då arbeidde for ei samordning av det ”gamle” skuleslaget lærarskule og nyskipinga distriktshøgskular, og på Vestlandet var Hordaland med Bergen og Sogn og Fjordane definert som ein felles ”distriktshøgskuleregion”. No var det fare for at draumen om fast lærarskule i Sogndal kunne gå med i dragsuget og verte ein del av ein ny distriktshøgskule for Hordaland, Bergen og Sogn og Fjordane – og denne kunne likeså godt hamne i Hordaland som i Sogn og Fjordane. Men stortingsmann Sverre Johan Juvik gjekk imot si eiga Arbeidarparti-regjering. Han ville ikkje utsetje lærarskulesaka i Sogndal i påvente av kva som skjedde i distriktshøgskulesaka. Juvik minte Bratteli på at Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde støtta kravet om fast lærarskule i Sogndal. – Skal ein få fart på distriktshøgskuleplanane i fylket, må vi først få starta eigen lærarskule, meinte Juvik. Etter mykje politisk tautrekking vart endeleg Sogndal Lærarskule skipa som sjølvstendig skule i 1972. Dette skulle vise seg å få avgjerande innverknad på at distriktshøgskulen seinare vart lokalisert til Sogndal.

Karl Georg Høyer var ein av rektorane ved Sogn og Fjordane Distriktshøgskule.

Karl Georg Høyer var ein av rektorane ved Sogn og Fjordane Distriktshøgskule.

Distriktshøgskulen vert skipa

I 1971 avløyste Arbeidarparti-politikaren Ingvald Ulveseth Nikolai Schei som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ulveseth hadde gode kontaktar til kyrkje- og undervisningsminister Bjartmar Gjerde i Bratteli-regjeringa. Straks Ulveseth fekk utnemninga som fylkesmann, starta han eit aktivt arbeid for å få skipa distriktshøgskule i Sogn og Fjordane. Alt vinteren 1972 vart leiaren for Seksjon for distriktshøgskular i Kyrkje- og undervisningsdepartementet send til Sogndal for å synfare aktuelle plasseringar av ein distriktshøgskule. Ingjald Ørbeck Sørheim hadde også møte med fylket si eiga Distriktshøgskulenemnd. No fekk nemnda fart på seg, og ein månad etter møtet med Ørbeck Sørheim la den fram ei tilråding som tok sikte på å gjere lærarskulen i Sogndal til ein integrert del av distriktshøgskulen. Men nemnda gjekk elles inn for ein ”paraplymodell” med desentralisert utbygging av den øvrige distriktshøgskulen, og dei peika på både Flora, Gloppen og Førde som aktuelle lokaliseringsstader for nye DH-avdelingar. John Lillestøl, som var medlem av Distriktshøgskulenemnda, har seinare stadfesta at dette ”paraplyframlegget” var sterkt prega av at ein då stod oppe i ein bitter sjukehusstrid. Dette tok nemnda – utan å seie det offentleg - omsyn til ved utforminga av framlegget sitt. Fylket tålte ikkje ein ny lokaliseringsstrid kring distriktshøgskulen etter å ha vorte slite i filler av den årelange sjukehusstriden. Men sjølv om fylkesskulestyret slutta seg til ”paraplymodellen”, la Kyrkje- og undervisningsdepartementet den desentraliserte utbyggingsmodellen kjapt til side. I staden satsa dei på Sogndal og ei samordning med lærarskulen der. Men skiftande regjeringar i åra like etter EF-striden i 1972 gjorde at dei formelle vedtaka drog ut, og Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane vart ikkje starta før hausten 1975.

Lærarskulen vart avgjerande for DH-plasseringa

Skipinga av Sogndal Lærarskule i 1972 vart avgjerande for at Sogndal vart det store høgskulesenteret i Sogn og Fjordane. Lærarskulen vart ein del av den nye distriktshøgskulen med med namnet Høgskulen i Sogndal. Den vart leia av rektoren ved lærarskulen, Arnvid Ivar Kyrkjeeide. Høgskulen hadde planar om å byggje nytt studiesenter på Kaupangerskogen. Den første styreleiaren var Nils J. Knagenhjelm. Frå hausten 1976 vart han den første leiaren av Det regionale høgskulestyret for Sogn og Fjordane som skulle vere felles styreorgan for alle høgskular i Sogn og Fjordane, ikkje berre i Sogndal.

Høgskulen leigde nokre år lokale i Flåtengården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen leigde nokre år lokale i Flåtengården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Profesjonsstridar og skilsmål i 1981

Men samarbeidet mellom det gamle lærarskulemiljøet i Sogndal og den nye distriktshøgskulemiljøet skar seg alt første året, både på det personlege og faglege planet. Det var to ulike utdannings- og studiekulturar som kolliderte. Dei nye høgskulefolka, som var ute etter å skape noko nytt og såg føre seg forsking og fordjuping i fagkrinsen, kjende seg overstyrde av dei etablerte lærarskulemiljøet. Det regionale høgskulestyret freista i det lengste å mange til samling og forsoning, men måtte gje opp. I 1981 vart Sogn og Fjordane distriktshøgskule skild frå lærarskulen. Høgskulen fekk eigen, vald rektor og eigen administrasjon. Samstundes vart planane om eit felles høgskulesenter på Kaupangerskogen lagde bort. I siste halvdel av 1970-talet gjekk det også føre seg ein rikspolitisk kamp mellom dei som ynskte samordning av ulike høgskuleslag under same paraply, og dei som ville gje større fridom for ulike fagskular som t.d. lærarskular, skular for helse- og sosialutdanning, ingeniørskular o.s.b. til å halde fram som sjølvstendige skular. Den siste gruppa vann. Dette gav m.a. rom for at det i 1979 og 1988 vart skipa både sjukepleieutdanning og ingeniørutdanning i Førde som sjølvstendige høgskular – og i Sogndal for eit skille mellom lærarskule og distriktshøgskule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane vert skipa

Høgskulen i Sogn og Fjordane vert skipa

Først i 1994 vart Sogndal Lærarhøgskule og Sogn og Fjordane distriktshøgskule samla att i nyskipinga ”Høgskulen i Sogn og Fjordane”. Også Sogn og Fjordane Ingeniørhøgskule og Sogn og Fjordane Sjukepleiehøgskule i Førde og Høgskuleutdanninga på Sandane gjekk då inn i Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Avdelingar i Førde og Sandane

Då sentralsjukehuset opna i Førde i 1979 vart den nye skulepleiehøgskulen starta som sjølvstendig høgskule. I 1989 vart det også skipa ingeniørhøgskule i Førde. Studiesenteret på Sandane vart starta i 1981 med utdanning i spesialpedagogikk. I 1988 fekk senteret også ei musikkterapiline. I 1986 tok Vågsøy kommune opp spørsmålet om å starte bedriftsøkonomiske studiar i Måløy. Studiesenteret i Måløy hadde nært samarbeid med distriktshøgskulen i Sogndal fram til 1994. Sidan dreiv studiesenteret i Folkeuniversitetet sin regi, med lausare band til HSF fram til det vart lagt ned. Både sjukepleie- og ingeniørhøgskulen i Førde og studiesenteret på Sandane gjekk inn i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i 1994.

Stid om ingeniørutdanninga

I 1999 vart det hard strid då leiinga for Høgskulen gjekk inn for å leggje ned ingeniørhøgskulen i Førde og byggje studia i Sogndal sterkare ut. Striden enda med at ingeniørhøgskulen i Førde fekk halde fram. Ingeniørutdanninga i Førde er no samlokalisert med sjukepleieutdanninga i felles bygg like ved Førde sentralsjukehus.

Høgskulen sine lokale i Sogndal

Dei første 15 åra heldt distriktshøgskulen til i brakker og i leigde lokale i ymse forretningsbygg i Sogndalsfjøra. Lægreids Pensjonat vart fylt opp med studentar. I 1985 leigde distriktshøgskulen også Flåtengarden, og nokre år seinare også Fossetunet. Ein stor del av undervisninga vart flytta over til Sogndal Kulturhus då det opna i 1991. Då distriktshøgskulen og lærarskulen i bygda vart samla under HSF i 1994, fekk høgskulen hand om den nedlagde produksjonsbygningen etter Sognesaft/Lerum på Foss. Denne vart mykje ombygd og modernisert, og har sidan 1995 m.a. husa administrasjonen, økonomisk-administrative fag og lærarutdanninga. I 2012 tok Høgskulen i bruk eit nybygg på 7600 kvadratmeter.

Akvakulturstasjonen på Skjer, no Fjordforsk AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Akvakulturstasjonen på Skjer, no Fjordforsk AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Akvaundervisning på Skjer

I tillegg til aktivitatene i Sogndal sentrum har høgskulen frå 1986 disponert ein oppdrettskonsesjon og drive akvaforskingsstasjon på Skjer i stranda sør for Stedje. Inste del av Sognefjorden vart i 2002 oppdrettsfri sone. Ei tid var det på tale å flytte undervisninga til ein stad ute ved kysten, men i 2006 la HSF-styret ned akvalina. I 2008 kjøpte mangeårig leiar for akvastudiet, førsteamanuensis Peter Hovgaard og marinbiolog Torbjørn Dale anlegget på Skjer for å drive anlegget vidare med prosjektrelatert forsking i selskapet Fjordforsk AS.

Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen er stor arbeidsplass

Høgskulen i Sogn og Fjordane er i dag den største arbeidsplassen i Sogndal kommune med kring 300 tilsette fordelte på om lag 250 årsverk. I Sogndal har høgskulen kring 2000 studentar. Ved høgskulane i Førde er det kring 70 tilsette og kring 500 studentar. Studiesenteret Sandane hadde kring 100 studentar og åtte årsverk på lærarsida, men vart i 2006 lagt ned og flytta over til Universitetet i Bergen. - Les elles meir om dei tidlegare høgskuletilboda i eigne artiklar under kommunane Sogndal, Førde, Gloppen og Vågsøy kommunar.

Studiesenteret på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Studiesenteret på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rektorar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane:

  • Jan Olav Fretland (vald) 1994-2000
  • Johs. Thaule (vald) 2000-2007
  • Åse Løkeland (tilsett) 2007-2015
  • Rasmus Stokke (tilsett) 2015-

Åse Løkeland vart tilsett som rektor i 2007. Foto: HiSF.

Åse Løkeland vart tilsett som rektor i 2007. Foto: HiSF.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015