Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger med byskuleordning

Elevar ved Høyangsfjorden skule i 1911 framfor skulehuset som vart bygt i 1898 og som vart reint for lite då industrieventyret kom til bygda i 1916. Ukjend fotograf.

Elevar ved Høyangsfjorden skule i 1911 framfor skulehuset som vart bygt i 1898 og som vart reint for lite då industrieventyret kom til bygda i 1916. Ukjend fotograf.

Høyanger fekk fastskule i 1898. Dette var eit lite skulehus som berre hadde plass til kring 20 elevar. Dei første åra etter starten av aluminiumsverket i 1917 heldt barneskulen i Høyanger til i leigde lokale i det såkalla "Folkekjøkkenet" i Folkets Hus. Tre fjerdedelar av borna i 1917 var innflyttarar med bokmålsbakgrunn. Nytt og stort skulebygg stod ikkje ferdig før i 1923.

Den eldste skulebygningen i Høyanger, reist i 1923, slik den såg ut i 2007.

Den eldste skulebygningen i Høyanger, reist i 1923, slik den såg ut i 2007.

I 1927 vart det reist krav om innføring av «byskule» i Høyanger. Det ville m.a. seie dagleg skulegang i staden for annankvar dag, og utviding av fagkrinsen med m.a. gymnastikk. I 1932 stod det nye skulehuset ferdig med gymnastikksal og andre spesialrom.

Då «byskuleordninga» vart gjennomført i 1935, var det 460 elevar i Høyanger. Barneskulen var delt om lag på midten språkleg, med 10 nynorskklassar og ni bokmålsklassar. Skulehuset i Høyanger fekk endå eit påbygg i 1948. I 1968 vart det bygd symjehall. I 1969 vart det bygt hybelhus for tilreisande elevar.

Les meir om skulane i Høyanger

Skulebygningen frå 1932 vart påbygd i 1947-48, etter teikningar frå 1932. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulebygningen frå 1932 vart påbygd i 1947-48, etter teikningar frå 1932. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010