Hopp til innhold
X
Innhald

Husflidsskule for fattige

Ein «husflidsskule» for kvinner vart starta i Sogndal kring 1860.

Skulen vart driven av kvinner frå «dei kondisjonerte» - dvs. overklassen i bygda - og gav opplæring i handarbeid av ulikt slag til «fattige Smaapiker». Desse småjentene kom truleg frå dei fattige som budde i strandsitjarstaden Sogndalsfjøra.

I 1864 hadde skulen 24 elevar, og var i drift til ut på 1870-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008