Hopp til innhold
X
Innhald

Husmorskulen i Kroken og på Hafslo

Sogn og Fjordane Husmorskule i Ytre Kroken. Foto: Eikenæs, Sandane. Eigar: Johannes Holstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Husmorskule i Ytre Kroken. Foto: Eikenæs, Sandane. Eigar: Johannes Holstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylke - den gong Nordre Bergenhus Amt - starta ein av dei første husmorskulane i landet i Holmedal i Askvoll kommune i 1877 - sjå: Skular i Askvoll.

Her var agronom Ellend Eide vert for skulen fram til den vart lagt ned i 1888. I 1891 vart skulen skipa på nytt, men no hjå proprietær Ole Torjusson SvanøeSvanøy Hovudgard .

- Utpreget byoppfatning

Då Svanøe nekta å utvide skulebygget slik fylket kravde, vart husmorskulen i 1897 flytta til det gamle, ubebudde «Munthehuset» i Ytre Kroken - sjå: Kroken. Dette leigde fylket av Mons Johannesson Kroken.

- Utpreget byoppfatning

Her vart husmorskulen verande i 60 år, før den i 1957 flytta over i nybygg på Hafslo. Dei første skuleåra i Kroken hadde skulen 30 elevar og tre lærarinner.

Frå arbeidsstova på husmorskulen i 1924. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid G. Haveland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå arbeidsstova på husmorskulen i 1924. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid G. Haveland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det store huset hadde ikkje innlagt vatn, slik at elevane måtte bere vatn frå ein bekk i nærleiken. Ved ein inspeksjon frå departementet i 1911 vart tilhøva og levekåra ved husmorskulen sterkt kritisert, og det kom krav om utbetringar. Men fylket avviste kritikken som «en utpreget byoppfatning». Likevel var stoda så pinleg at fylket ei tid vurderte å flytte skulen til ein annan stad, men valde i staden å utbetre ein del av manglane ved bygget i Kroken og redusere elevtalet.

I 1939 vart det faktisk vedteke å byggje nytt skulebygg i Kroken, men 2. verdskrig sette bom for planen.

Munthehuset, der det på det meste var 30 elevar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset, der det på det meste var 30 elevar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Husmorskulen til Hafslo

I staden valde ein å satse på ei ny tomt for husmorskulen på garden Tang i Hafslo. Her stod eit nybygg ferdig til å ta imot skulen i 1958. Her var det plass til 32 elevar, som budde i internat ved skulen. Bygget romma også lærarhusvære. Ved ei ombygging i 1966 fekk husmorskulen plass til 40 elevar.

I 1958 flytta husmorskulen til nytt skulebygg på Hafslo. No heiter skulen Luster vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1958 flytta husmorskulen til nytt skulebygg på Hafslo. No heiter skulen Luster vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo husstellfagskule

I 1974 skifta skulen namn til Hafslo husstellfagskule, og ved eit nytt namnebyte i 1985 vart det Hafslo vidaregåande skule. I tillegg til kokkefag, fekk skulen også line for sosial-og helsefag. Internatet vart lagt ned i 1982.

Skulen vart pussa opp i 1987, men likevel kom det i 1988 framlegg om at skulen burde leggjast ned som ein lekk i ein «sparepakke» for fylkeskommunen. Framlegget om nedlegging vart avvist. Då den vidaregåande skulen i Gaupne vart lagd ned i 1998, overtok skulen på Hafslo namnet Luster vidaregåande skule. I 2013 vedtok fylkestinget å legge ned Luster vidaregåande skule.

Utanom Kroken og Hafslo og forløparane deira i Holmedal og Svanøy, har det vorte drive «husmorskular» i Stryn, Lavik og Førde. Artiklar om desse finn du under skulehistoria for Stryn, Høyanger og Førde kommunar.

Luster vidaregåande skule dannar saman med Hafslo barne- og ungdomsskule eit skulesenter på Hafslo med samfunnshus og idrettsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luster vidaregåande skule dannar saman med Hafslo barne- og ungdomsskule eit skulesenter på Hafslo med samfunnshus og idrettsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013