Hopp til innhold
X
Innhald

Husmorskulen i Lavik

Husmorskulen heldt til på Alværa. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Husmorskulen heldt til på Alværa. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1922 starta Lavik kommune husmorskule i Lavik. Initiativtakar var ordførar Mons A. Ringereide, som gjorde dette til si eiga personlege kampsak i kommunen og på fylkestinget på 1920-talet.

Husmorskulen i Lavik fekk driftstilskot frå Staten, medan fylket ikkje ville vere med. I åra som fylgde vart det svært vanskeleg å få støtte, og ordførar Ringereide betalte husleiga av eigne midlar. Etter mykje strid fekk den ihuga ordføraren i 1924 gjennom at husmorskulen skulle drivast med vanlege tilskot frå fylket. Sjølv om skulen offisielt vart driven av kommunen, var den i åra etter i røynda hovudfinansiert av fylket.

Skulen heldt til i den gamle futegarden i Alværa, og det var denne skulen som i 1947 fekk sitt framhald i Førde – dei første åra i nedlagde Sivertsens Hotell.

Les meir om skulane i Høyanger

Elevar ved Lavik Husmorskule skuleåret 1936-37. Frå venstre Gunda Stigedal, Jenny Rysjedal, Hjørdis Risnes og Ragna Hellebø. Ukjend fotograf. Eigarar: Gunda og Ingvald Oppedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved Lavik Husmorskule skuleåret 1936-37. Frå venstre Gunda Stigedal, Jenny Rysjedal, Hjørdis Risnes og Ragna Hellebø. Ukjend fotograf. Eigarar: Gunda og Ingvald Oppedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010