Hopp til innhold
X
Innhald

Internatskular og streik kring Veitastrondsvatnet

Veitastrondvatnet med Kvam i høgre biletkant. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Veitastrondvatnet med Kvam i høgre biletkant. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kring Veitastrondsvatnet vart det bygt skulehus for tre krinsar: Ein for bygdene kring sørenden av vatnet - ein for bygdene på begge sider av nordenden, og ein for «flatbygda» nord for vatnet.

Kjerringnes skule

dekte sørenden av vatnet og hadde skuleborn frå Yngsdalen med Hola, Kjerringnes og Viki. På grunn av problema med å krysse vatnet på utrygg is, måtte skulen på Kjerringnes i einskilde vintrar drivast som internatskule i lange bolkar.

Lågt barnetal gjorde at skulen låg nede frå 1916 til 1918, men i 1930 fekk krinsen eige skulehus i Ospehola. Skulen vart sentralisert til Hafslo i 1956.

Skulen i Kvam

dekte bygdene kring nordenden av Veitastrondsvatnet - dvs. Kvam på austsida og Brengsnes på vestsida. Krinsen stilte krav om eige skulehus alt i 1882, men fekk ikkje huset opp før i 1914.

Skulestreik på Kvam skule

I 1952 var det skulestreik i protest mot dei dårlege sanitærtilhøva ved skulen. Det enda med at skulestyret truga kvart foreldrepar med ei bot på 500 kroner dersom dei ikkje sende ungane tilbake til den dårlege skulestova! Kvam var i bruk som skule til 1961, då ungane vart overførte til Veitastrond skule på Heggestad.

Veitastrond kapell - i utgangspunktet skulehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond kapell - i utgangspunktet skulehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond-skule med tårn og kyrkjeklokke

Skulehuset på Heggestad i sjølve flatbygda Veitastrond vart bygt i 1884, og dekte grendene Nes, Heggestad og Neset lengst inne i dalen. Skulen hadde på denne tida kring 60 skulepliktige born. Frå 1909 fekk også veitastrendingane høve til å nytte skulehuset som kapell, sidan det var vanskeleg å nå fram til hovudkyrkja i Hafslo når snø og is stengde t.d. ved gravferder. Skulehuset fekk difor påbygt eit klokketårn. Eigen gravplass for bygda vart vigsla nokre år tidlegare - i 1891. Her måtte ein også i vanskelege vintrar vente med jordfestingsseremoni til våren kom, og presten kunne kome seg innover frå Hafslo.

Alt i 1919 stilte bygda krav om nytt skulehus, men det sto ikkje ferdig før i 1939. Skulen fekk tilbygg i 1986.

Veitastrond skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Undervisning ved Veitastrond skule. Foto: Arne Eithun, NRK.

Undervisning ved Veitastrond skule. Foto: Arne Eithun, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011