Hopp til innhold
X
Innhald

Kveldsskular og framhaldsskular i Luster

Det første ålmenne «vidareutdanningstilbodet» utover folkeskulen i Luster kom i gang midt på 1870-talet. Då vart det starta kveldsskule i fleire bygder både nede ved fjorden og i Jostedalen.

Skulane var opne for begge kjønn - med unntak av Nes - der det vart presisert at «Gutteskole gives Fortrin»!

På desse skulane vart det i tillegg til teori også gjeve opplæring i praktiske fag. Gutane valde då oftast skomakarkurs, medan jentene lærte saum og matlaging.

I 1892 vart ordninga med framhaldsskule innført. Her var den teoretiske undervisninga meir strukturert og breiare enn på kveldskulane. Både i Luster og Hafslo kommunar var framhaldsskulane nokså fast organiserte, medan framhaldsskulen i Jostedal kommune frå startåret 1898 varierte år for år alt ettersom det var nok elevar til å starte eit vinterkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008