Hopp til innhold
X
Innhald

Lang sakshandsamingstid for Solvorn-skulen

Solvorn skule og samfunnshus. Foto: Kåre Øvregard.

Solvorn skule og samfunnshus. Foto: Kåre Øvregard.

Solvorn fekk det første skulehuset på Bjørnetun i 1865, men huset var dårleg. Krav om nybygg vart difor reist alt i 1880, og først i 1896 vedtok kommunestyret å byggje nytt skulehus.

Men det drygde endå 14 år før nytt skulehus vart bygt på Langekra i 1910. Det siste skuleåret måtte difor læraren leige klasserom i eit privathus på Brekken.

I 1982 fekk Solvorn ny skule kombinert med samfunnshus, og elevane frå Ornes og Kinsedal på sørsida av Lustrafjorden vart overførde til Solvorn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011