Hopp til innhold
X
Innhald

Luster vidaregåande skule

I 1977 starta Sogndal yrkesskule ein filial i Gaupne med eitt-årig grunnkurs i maskin- og mekanikarfag. Kommunen heldt undervisningslokale.

I 1979 fekk Gaupne-avdelinga også klassar i bygg og anlegg. I 1980 flytta skulen inn i spesialteikna nybygg, og i 1982 vart undervisningstilbodet ytterlegare utvida.

I 1992 vart avdelinga i Gaupne frigjort frå Sogndal og omgjort til Luster vidaregåande skule.

Ved fleire høve har den vidaregåande utdanninga i Gaupne vore i fåresonen når fylket har vore ute med sparekniven: I 1991 kom fylkesskulesjefen med framlegg om nedlegging. Det same kom att i 1994, men ved begge høve mobiliserte både bygdefolk og lokalpolitikarar for å berge skulen - og berga den enno nokre år. Men i 1998 var det slutt. Då vart den vidaregåande skulen i Gaupne lagt ned samstundes med vidaregåande i Vik kommune - sjå: Skular i Vik.

Namnet Luster vidaregåande skule vart seinare overteke av husstellfagskulen på Hafslo. I 2013 vedtok fylkestinget å legge ned Luster vidaregåande skule på Hafslo.

- Les elles artikkelen artikkelen: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo.

Luster vidaregåande skule på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luster vidaregåande skule på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013