Hopp til innhold
X
Innhald

Målforma i skulen i Høyanger

I Høyanger skule var det bokmålsundervisning fram til 2001. Foto: Arild Nybø, NRK.

I Høyanger skule var det bokmålsundervisning fram til 2001. Foto: Arild Nybø, NRK.

Frå 1891 starta arbeidet med innføring av nynorske lærebøker i skulen i Kyrkjebø kommune, og nynorsk var gjennomført over alt i 1904. Lavik kommune gjennomførte nynorsk undervisning i alle fag år 1900.

Industristaden Høyanger hadde mange bokmålsklassar heilt fram på 1950-talet. Dette skuldast først og fremst den store innflyttinga austfrå. Tre fjerdedelar av borna i 1917 var innflyttarar med bokmålsbakgrunn. Bokmålselevane utgjorde om lag 20-25 prosent av barnetalet kring 1950. Etter ein pause, vart det sett i gang ei spesialordning med bokmålsklasse på slutten av 1990-talet. Denne vart avvikla i 2001.

Les meir om skulane i Høyanger.

Ein av tre avgangsklassar ved Høyanger folkeskule i 1944. Bak frå venstre O. Hjetland, E. Underdal, G. Baug, O. Sæbø, G. Kinden, K. Rosenlund og L. Gjerde. Midtrekka frå venstre J. Volle, A. Helletun, M. Breidablik, L. Hatlestad, S. Kirkebø og O. Ytredal, Fremst frå venstre D. Steien, M. Teigen, G. Kristiansen, lærar Martin Volle, R. Thue, H. Østerbø og A. Slinde. Ukjend fotograf, foto frå ”Gamle Høyanger”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.09.2010