Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy kommunale realskole

Måløy kommunale realskole vart skipa i 1913 (Moldøens Middelsskole).

Frå starten og til 1945 vart skulen driven som privatskule av Torgils Gravir. Første åra berre med elevar frå Sør-Vågsøy, men frå 1946 open for elevar frå heile ytre Nordfjord. Realskulen i Måløy eksisterte heilt til den vart avløyst av ungdomsskulen.

Realskule på Raudeberg

På Raudeberg vart det sett i gang realskule i krigstida. Den vart driven i 5-6 år. Deretter vart elevane sende til realskulen Måløy med fri skuleskyss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008