Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Tekniske Aftenskole

Per Drage. Eigar av foto: SFE.

Per Drage. Eigar av foto: SFE.

Måløy Tekniske Aftenskole vart starta i 1911 av ingeniør Per Drage. Den heldt til i Johnsens Hotell like ved Torget i Måløy sentrum, og tok inn 10-15 elevar i kvart kull. Elevane kom frå Måløy og bygdene innover Nordfjord.

Kursa var halvårlege, og forutan elektrofag vart det undervist i matematikk, projeksjonsteikning, norsk og engelsk. Per Drage stod sjølv for undervisninga, av og til assistert av sonen Arnulf Drage.

Den private skulen var i drift til fram under 2. verdskrig, og heitte dei siste åra Drage’s Elektr. Skole. Dei fleste av dei som i mellomkrigstida vart driftsstyrarar og montørar for kraftselskap i Nordfjord, hadde fått utdanninga ved Drage-skulen i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010