Hopp til innhold
X
Innhald

Mellomskule på Lyster Sanatorium

På Luster Sanatorium var det eigen skule. Dette biletet er teke i eit fødselsdagsselskap for ein av elevane i 1921. Frå venstre Johannes Stuppelshaug, Sverre Feigum, Inga Mo Walaker, Ragnhild Tjerandsen, Per Krossen, Anna Sjøthun, Svanhild Stuppelshaug og Kristina Stuppelshaug. Foto frå Skulesoge for Luster kommune, utlånt av Bjørg Hovland.

Lyster Sanatorium vart bygt i 1901 på den einbølte Harastølen, med seks kilometers veg ned til Døsen i Luster. På sanatoriet vart det difor sett i gang både folkeskule og mellomskule for borna til dei tilsette som budde der.

Det var eigaren av sanatoriet, St. Jørgen Stiftelse, som betalte løn til læraren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.03.2011