Hopp til innhold
X
Innhald

Mindresunde og Langvin jordbruksskular

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mindresunde – allsidig storgard ved utløpet av Strynevatnet er den største garden i Stryn. Mindresunde hadde frå 1791 til 1886 vore militær sjefsgard for Strynske Compagnie.

Før jordbruksskulen for Nordfjord vart grunnlagt der i 1920, var det skysstasjon og hotell på Mindresunde gard. Den store hotellbygningen høvde godt som skule og elevinternat. Olav Karstad var styrar så lenge skulen låg på Mindresunde.

Leigeavtalen for Mindresunde gard gjekk ut i 1945, men fylket fekk lengd avtalen inntil ein hadde fått ordna med ny gard til jordbruksskulen. Stryn kommune gjorde alt den kunne for å halde på jordbruksskulen:

Dei gjorde avtale om kjøp av garden Mindresunde for å overdra den vederlagsfritt til fylket, og baud også fram garden Storesunde for fylket.

Også andre gardar i Nordfjord vart bydde fram som ny skulestad: Høylo i Breim, Vereide prestegard og Davik prestegard.Men i Innvik hadde kommunen fått hand om prestegarden og baud den vederlagsfritt til fylket.

Elevar og lærarar ved Langvin jordbruksskule i 1955. Ukjend fotograf. Eigar: Botolv Lødøen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og lærarar ved Langvin jordbruksskule i 1955. Ukjend fotograf. Eigar: Botolv Lødøen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Flytting til Langvin

I 1945 vedtok fylket å flytte skulen for Nordfjord til Langvin i Innvik, og flytta jordbruksskulen dit i 1951. Eit avgjerande argument for å flytte til Innvik, var at bygda låg lagleg til for fruktdyrking.

Prestegardshuset på Langvin i Innvik, dit jordbruksskulen vart flytta i 1951.

Prestegardshuset på Langvin i Innvik, dit jordbruksskulen vart flytta i 1951.

Ei tid var det på tale at Det Norske Indremisjonsselskap ville byggje eigen landbruksskule ein stad på Vestlandet. Langvin var då aktuell, men Kyrkjedepartementet heldt fast på at det var fylket som skulle overta Langvin til jordbruksskule. Ei tyskarbrakke vart flytta frå Stryn til Langvin og nytta som internat og skulebygning dei første åra. I 1973 brann den store driftsbygningen ned, men alle husdyra vart berga.

Langvin i 1955. Til høgre driftsbygningen som brann ned i 1973. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Langvin i 1955. Til høgre driftsbygningen som brann ned i 1973. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Nedlagd i 1995

Langvin vart nedlagd som jordbruksskule i 1995, og ei stifting har ansvaret for å finne nytte i skulebygningar og jordbruksland til andre føremål, m.a. urtedyrking. Ei tid vart jordbruksareala nytta av Hilde fellesfjøs. I 2009 kjøpte Tor Taraldset frå Løvenstad, ein mann med slektsrøter i Innvik, heile garden med påståande bygningar.

Litt av innmarka til tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Litt av innmarka til tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.09.2011