Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Thorsen

Mons Th. Thorsen (1895-1983) frå Vik. Kjøpmann, hotelleigar og Arbeidarparti-politikar.

Mons Th. Thorsen (1895-1983) frå Vik. Kjøpmann, hotelleigar og Arbeidarparti-politikar.

Soneson av Mons Thorsen frå Åsane ved Bergen som i 1863 starta garveri på Vikøyri, og seinare fiskehandel. Faren Thor Thorsen dreiv også «Thorsens notalag» med båten «Yankee».

Mons Th. Thorsen bygde seg opp til ein stor handelmann og hotelleigar i Vik. Kapitalen hadde han m.a. skaffa etter arbeid i gruvene på Svalbard. sjå: Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Han bygde også for eigne midlar skulebygg for Vik realskule i 1948. Sat kommunestyret i 12 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011