Ni-årig skule i Balestrand

Ungdomsskulen i Balestrand heldt frå 1973 til 1983 til i det tidlegare statsrealskulebygget som no er ein del av Sygna vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Knapt nokon periode i nyare norsk historie har vore prega av meir sentralistiske strøymingar enn 1960-talet. Dette førde mange stader til hard strid – ikkje minst kring den føreståande utbygginga av den niårige, obligatoriske skulen.
I 1962 tilrådde skuledirektøren i Sogn og Fjordane at det skulle byggjast felles ungdomsskule for Leikanger, Vik og Balestrand på Leikanger.
Framlegget vart møtt med sterk motstand, og i 1968 godtok departementet at Balestrand fekk eigen ungdomsskule, som starta i 1973. Det heldt til i statsrealskulebygget, men flytta inn i nybygg i Kreklingen i 1983.
Gamle Sagatun vart nytta til bibliotek og andre kulturføremål.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 28.07.2011