Hopp til innhold
X
Innhald

Ni-årig ungdomsskule i Vik

Flatbygdi skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flatbygdi skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik var ein av dei første kommunane i landet som innførte ni-årig skule. Sjå også Skular i Stryn og Skular i Fjaler.

I 1959 vart det sett ned ei plannemnd. Same året tok kommunen i bruk den nye Flatbygdi skule. I 1960 starta kommunen forsøk med linedelt ungdomsskule - med 6+3-ordning for elevar som sokna til skulen i Vik, og 7+2-ordning for elevane som sokna til skulen i Arnafjord. Før bygdene vestanfor fekk vegutløysing til Vik (sjå Køyrevegar i Vik), måtte elevane derfrå bu på hybel i Vik.

Frå Balestrand til Vik

Skulen vart gjort obligatorisk frå hausten 1961. Elevar frå Vangsnes, som fram til kommunereguleringa i 1964 høyrde til Balestrand, fekk gå på ungdomsskulen i Vik frå starten. Straks kommunereguleringa var eit faktum i 1964, vedtok Vik kommunestyre å leggje ned skulen på Vangsnes og flytte elevane der over til Vik. Bygda likte dette ille, og i 1985 fekk Vangsnes ny barneskule kombinert med grendahus og bibliotek.

Ungdomsskulen for heile Vik kommune vart samla då nybygg ved Flatbygdi skule vart teke i bruk i 1966.

Fresvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Leikanger til Vik

Bygdene Feios, Borlaug og Fresvik høyrde fram til 1981 til Leikanger kommune. Då Leikanger innførte niårig barne- og ungdomsskule i 1967, vart borna frå Feios, Borlaug og Fresvik skyssa nordom fjorden til den nye ungdomsskulen på Systrond fram til 1972, då det vart skipa eigne ungdomsskuletrinn ved skulane i Feios og Fresvik.

Terra-saka fekk følgjer for skulen

I samband med Terra-skandalen i 2008 vart det i 2009 gjort vedtak om å leggje ned ungdomsskuleordninga i Fresvik, trass i kraftige protestar frå bygdefolket. - Les meir om Terra-saka denne under: Kommunehistorie.

I Framfjorden vart det bygt ny barneskule i 1966, men elevtalet gjekk mykje tilbake, og var nede på åtte elevar i 2001. Frå 2000 har ein del av bygninga vorte nytta til barnehage, bibliotek, kontor for Arnafjord Bygdeutvikling og for vaksenopplæring for framandspråklege elevar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011