Hopp til innhold
X
Innhald

Nikka Vonens jenteskule

Nikka Vonen var dotter til den kjende korpssmeden Bertel Vonen i Dale. Etter utdanning på jenteskular på Davik (sjå:Skular i Bremanger) og i Oslo, starta ho i 1869 sin eigen pensjonatskule for jenter i Dale saman med enkefru Laura de Ferry Nitter (fødd 1843).

Jenteskulen - eller «Pigeinstituttet» - vart svært omtykt, og «betrestilte» jenter frå heile landet kom til Nikka Vonen i Dale for å lære både ålmenfag og folkeskikk. Til og med frå USA og Australia kom det elevar.

Eigen skulebygning

Dei første par åra heldt skulen til på garden Yksnebjør, men flytta i 1871 over til Bertel Vonens gard Steia. Denne garden tok Nikka sjølv over i 1875, og utvida hovudhuset. Seinare sette ho opp ein eigen skulebygning i tunet. Broren Peder Pavels Vonen bygde ein staseleg inngangsportal til Steia-tunet, og eit lysthus i same stil, med tårn og spir i den praktfulle hagen.

I 1875 hadde jenteskulen 18 elevar. Dei yngste kunne vere ned til 11 år, dei eldste over 20.

Steia, der skulen til Nikka Vonen låg. Biletet er teke ca. 1900. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Steia, der skulen til Nikka Vonen låg. Biletet er teke ca. 1900. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

61 personar på garden

På garden heldt Nikka Vonen eit stort hushald: I tillegg til seg sjølv, budde der m.a. «husstyrarinne» og fem tenarar. Tel ein med husmannsfolket som høyrde under storgarden på Steia, vert det til saman 61 personar. Nikka Vonen dreiv skulen fram til helsa svikta i 1907.

Framgangsrike elevar

I dei 38 åra skulen var i drift, gjekk det til saman 800 jenter på skulen. Mellom dei som gjekk på skulen var Bergljot Bjørnson, som faren Bjørnstjerne sende til jenteskulen i Dale, og Karen Platou, Høgre-kvinne som var den første kvinnelege Stortingspresidenten i Noreg. Ein av elevane, Maggie Nannestad (1875-1953), starta sjølv ein pensjonatskule for jenter i Jevnaker på 1920-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011