Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjordheimen

Frå opninga av Nordfjordheimen i 1979. Foto: Petter Eide.

Frå opninga av Nordfjordheimen i 1979. Foto: Petter Eide.

Nordfjordheimen i Mona på Sandane vart opna 1979 (av kronprins Harald) som skule og internat for psykisk utviklingshemma frå Nordfjord-kommunane.

Ingeborg Austrheim gjorde ein stor innsats for å få bygd heimen. Senteret hadde kring 30 tilsette på det meste.

Ved HVPU-reformen på 1980-talet vart drifta lagt ned. Mange av dei tilsette fekk då arbeid i Gloppen Opplæringssenter, som har to avdelingar: Den eine gjev undervisning og støtte til psykisk utviklingshemma, og den andre gjev m.a språkopplæring til innvandrarar, og kompetanseutvikling til kommunetilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011