Hopp til innhold
X
Innhald

Nynorsk mediesenter

Styret i NRK vedtok i 2003 å skipe eit nynorsk kompetansesenter knytt til distriktskontoret i Sogn og Fjordane. Nynorsk mediesenter opna i september 2004 med Magni Øvrebotten som leiar.

Senteret driv kursverksemd i nynorsk og mediekunnskap, m.a. gjennom ei praktikantordning for 8-10 elevar kvart år på halvårlege kurs. Senteret er knytt til NRKs distriktskontor i Førde, og vert drive av NRK.

I tillegg til tradisjonell undervisning får studentane fylgje det daglege arbeidet i redaksjonen ved NRK Sogn og Fjordane, og avsluttar studietida som praktikantar i radio- og fjernsynsredaksjonar landet rundt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2013