Hopp til innhold
X
Innhald

Olden med sentralskule

Sentralskulen i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sentralskulen i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden sentrum fekk nytt skulebygg i 1934. Dette skulebygget står framleis, og kom til avløysing for skulehuset på Brynestad. Den nye sentralskulen i Olden stod ferdig i 1967. Den tok elevane til og med sjuande klasse, medan dei eldste ungdomsskuleelevane vart bussa til Stryn Ungdomsskule. Etter mykje tautrekking vedtok Stryn kommunestyre i 1969 at det skulle byggast tre ungdomsskular i storkommunen; i Olden, Stryn og Hornindal. Hornindal var då ein del av storkommunen Stryn. Fram til nybygget til Olden barne- og ungdomsskule stod ferdig i i 1972, måtte ein i lang tid også nytte gamleskulen for å få plass til alle elevane.

Skulehuset frå 1934. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset frå 1934. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010