Hopp til innhold
X
Innhald

Over til ungdomsskule i Dale

Fjaler ungdomsskule i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjaler ungdomsskule i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjaler kommune innførte linedelt ungdomsskule i 1960, og var nest etter Stryn den første kommunen i fylket som gjekk over til den nye skuleordninga.

Styrar ved Falchs Pensjonat- og realskule, Oddleif Fagerheim, vart tilsett som styrar for ungdomskulen, og leia begge skulane fram til 1964. Då vart dei to skulane skilde. Fagerheim sa opp stillinga som ungdomsskulestyrar og dreiv pensjonatskulen som realskule fram til 1969, då den endra namn til Fagerheim ungdomsskule.

I 1969 vart Oddleif Fagerheim valt inn på Stortinget. Privatskulen hans i Dale vart driven fram til 1974, då den vart avvikla.

Skulebygningen Vevang har etter nedlegging av pensjonatskulen, vorte nytta til m.a. barnehage og kontor, og frå 1990 som arbeids- og opplæringssenter for utviklingshemma og uføre - sjå Vevang Produksjon AS. Bygningen vart totalskadd av brann i november 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010