Hopp til innhold
X
Innhald

Privat mellomskule i Førde

I 1917 vart det starta 2-årig mellomskule i privat regi. Frå 1930 heitte den Førde framhalds- og mellomskule. Både denne og barneskulen heldt til i skulebygget frå 1894 i Kyrkjevegen.

Første tanken var at mellomskulen kunne drivast i samarbeid med den kristelege Sunnfjord Ungdomsskule, men styret for skulen avviste dette m.a. fordi ”kombinationen ville føre til saa mange vanskeligheter baade økonomisk, pedagogisk og ikke minst hva oppdragelsen anngaar, at man ikke vaager overta et ansvar...”

Frå 1930 vart det kombinert framhalds- og mellomskule. Etter krigen var desse skuleslaga skilde. Mellomskule vart avløyst av realskulen, som var i drift til 1974.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008