Hopp til innhold
X
Innhald

Private barneskular

Privatskular på barneskuletrinnet som protest mot skulesentraliseringar har det vorte drive ved to høve i Stryn kommune:

Privatskular på barneskuletrinnet som protest mot skulesentraliseringar har det vorte drive ved to høve i Stryn kommune:

På Fjelli midt på 1960-talet, og i Utvik i to år midt på 1990-talet. Ved begge høve var det foreldra som stod ansvarleg for drifta, også økonomisk. I Utvik enda skulestriden med at dei eldste vart sentraliserte til Innvik, medan Utvik fekk halde på skulen for dei fire første klassetrinna fram til skulen vart endeleg nedlagd i 2007. Skulebygget i Utvik er bygd om til barnehage.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010