Hopp til innhold
X
Innhald

Protest mot skulesentralisering

Naustdal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal innførde framhaldsskule i 1913. I Naustdal sentrum vart det bygd kombinert barne-og framhaldsskule i 1958.

Innføring av ungdomsskulen på 1960-talet førde til mykje strid i indre Sunnfjord. Frå statleg hald vart det pressa hardt på for at det skulle byggjast store sentralskular som gjerne femnde om fleire kommunar. M.a. freista Staten å få bygd felles ungdomsskule for kommunane Leikanger, Vik og Balestrand i midtre Sogn.

I indre Sunnfjord vekte det harme og sterke protestar då skuledirektøren i Sogn og Fjordane, Halgeir Furnes, gjorde framlegg om at det skulle byggjast ein stor sentralskule for heile regionen i Førde.

Dalen skule avdeling Midtredalen ligg på Kalland. Den er den eine av to skular i Naustedalen. Politikarane i Naustdal har prøvd å leggje ned denne skulen, men sterke protestar frå bygdefolket har så langt hindra det. I staden vart skulen på Horstad lagt ned. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dalen skule avdeling Midtredalen ligg på Kalland. Den er den eine av to skular i Naustedalen. Politikarane i Naustdal har prøvd å leggje ned denne skulen, men sterke protestar frå bygdefolket har så langt hindra det. I staden vart skulen på Horstad lagt ned. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Men då Olav Aam overtok som skuledirektør i 1963, kom det ei endring. Alle kommunane i fylket fekk då sin eigen ungdomsskule, og einskilde kommune der det var lange avstandar og vanskelege kommunikasjonar fekk jamvel fleire ungdomsskular.

Ungdomsskulen kom i gang i Naustdal i 1967, då nybygget i sentrum vart teke i bruk.

I 1999 engasjerte lærarar og foreldre seg sterkt for utviding av skulen i Naustdal. Foreldre og born gjekk i protesttog då kommunestyret utsette bygginga, og politikarane bøygde av.

I 2001 vart nye skulerom og idrettshall tekne i bruk, delvis finansiert ved at kommunen selde aksjane sine i Sunnfjord Energi.

I 2012 vedtok Naustdal kommunestyre å legge ned Dalen skule avdeling Horstad og at elevane frå 5. til 7. klasse ved Vevring skule frå skuleåret 2012/2013 skal gå i Naustdal. I 2014 vart det vedteke at resten av Dalen skule skal leggast ned frå og med skuleåret 2015/2016.

Naustdalshallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdalshallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015