Hopp til innhold
X
Innhald

Raudeberg fekk første fastskulen

Raudeberg skule med skulebygningen frå 1925 til venstre.

Raudeberg skule med skulebygningen frå 1925 til venstre.

Det første faste skulehuset på Vågsøya vart truleg bygt i Røysa på Raudeberg 1865. Denne skulestova stod like sør for Røysaelva, og det var også bustad til klokkaren/læraren i huset. På den tida var det omlag 12 veker skuletid årleg.

I tida 1865 til 1874 var skulane på Raudeberg og Halsøyr slegne saman, men vinterstid vart det likevel halde skule i begge bygdene fordi det vart langt å gå for ungane i dårleg ver.

På Røysa vart det bygt nytt skulehus i 1925. Her var det husvære for fleire lærarar. Skulehuskjellaren vart eit kjærkome møtelokale for bygda før Raudeberg Samfunnshus vart bygt i 1953.

Raudeberg skule vart utvida med eit nybygg i 1959, og gymnastikksalen vart m.a. utstyrd med scene. Same året vart det innført obligatorisk framhaldsskule i Nord-Vågsøy kommune med skulestad Raudeberg.

I 1925 vart det sett i gang ein mislukka aksjon for å få innført bokmål som skulemål på Raudeberg.

Raudeberg skule i dag, med bygningen frå 1959 til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raudeberg skule i dag, med bygningen frå 1959 til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010