Hopp til innhold
X
Innhald

Sentralskule i Jostedalen

Jostedal skule til høgre, samfunnshuset til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedal skule til høgre, samfunnshuset til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første tanken om ein samleskule for krinsane Myklemyr, Sperle og Kreken dukka opp midt på 1950-talet.

Etter nedgang i elvetalet i alle krinsar vart det i staden satsa på ein felles sentralskule for heile Jostedalen.

Alle grendaskulane i Jostedalen vart lagde ned då den nye sentralskulen på Bjørk sto ferdig i 1968. Denne vart sterkt utvida og modernisert i 1980.

Bygningskomplekset på Bjørk inneheld også barnehage, samfunnshusfunksjonar og symjebasseng.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011