Hopp til innhold
X
Innhald

Skram skole i Måløy

Den første skulen på Skram.

Den første skulen på Skram.

I 1881 innreia Hans Kvalheim - på folkemunne kalla Skule-Hans - skulerom i eige bustadhus på Skram. Dette vart såleis første fastskulen i Måløy. Første kvinnelege lærar i fast post var Magda Torjussen på Skram (Måløy) i 1901.

Seinare vart det bygt skulehus på Midtgård, og då det store skulebygget på Skram stod ferdig i 1920, vart det gamle skulebygget omgjort til sjukestove. Ei tid var det også nytta av Måløy kommunale realskole.

Bygde for 50 år frametter

Skulebygningen på Skram frå 1920 hadde åtte klasserom og var såleis kraftig overdimensjonertsjølv om Måløy på den tida berre hadde 1.200 innbyggjarar. Den svære skulebygningen frå den optimistiske jobbetida var romsleg nok til å huse Måløy-elevane heilt fram på 1970-talet utan at det var turvande med påbygg. Vårsildsfondet ytte pengar til bygging av eit folkebad i kjellaren på Skram skule. Også realskulen fekk plass i den romslege Skram skule.

På dette flyfotoet frå 1950-talet ser vi Skram skole for seg sjølv oppe i bakkane litt til venstre for midten. Foto: Widerøes Flyveselskap A/S. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette flyfotoet frå 1950-talet ser vi Skram skole for seg sjølv oppe i bakkane litt til venstre for midten. Foto: Widerøes Flyveselskap A/S. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ikkje ungdomsskule på Skram

I 1959 hadde kommunen planane klare for utviding av Skram skule, men Kyrkje- og undervisningsdepartementet stoppa planane og bad kommunen utarbeide planar for bygging av ny ungdomsskule for heile storkommunen Vågsøy i staden. Den nye ungdomsskulen vart plassert på Gotteberg i Måløy og teken i bruk i 1965.

Bokmålet i Måløy-skulen

I 1919 avgjorde ei folkerøysting i Sør-Vågsøy at skulemålet i heile kommunen skulle vere nynorsk (256 for nynorsk, 153 for bokmål). Skulemålet i Måløy har likevel vore bokmål sidan 1928, men heilt sidan 1930 har det frå tid til annan vore parallellklassar i nynorsk.

– Les elles om striden om skulemålet både på Raudeberg og Silda, og biografi om distriktslege Einar Strand

Skram skole slik skulen tek seg ut i 2008. Foto: Bjarne Eldevik.

Skram skole slik skulen tek seg ut i 2008. Foto: Bjarne Eldevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011