Hopp til innhold
X
Innhald

Skulane i Markane

Ungdomshuset Skogstjerna var skulehus fram til 1996. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset Skogstjerna var skulehus fram til 1996. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sindre krins fekk skulehus i 1863. Sindre krins vart lagd ned i 1878, og skulehuset selt og flytta til Lødemel krins i Hornindal. Men i 1924 vart denne skulekrinsen i Markane skipa på nytt, men no med skule på garden Flore. I 1949 vart elevane flytta over frå Flore til Markane skule som heldt til i ungdomshuset Skogstjerna på Isebakken. Den gongen låg Sindre og Markane skule i kvar sin kommune, så her samarbeidde altså to kommune om skuleordninga.

Ungdomshuset Skogstjerna vart bygt i 1930, og barneskulen for Nordmarkane hadde halde til i dette huset frå starten – først i ungdomshuskjellaren, og etter ein del ombyggingar i sjølve hovudetasjen.

Frå skuleåret 1950-1951 vart altså Skogstjerna teke i bruk som felles skulehus for ungane både frå Sørmarkane og Nordmarkane. Dei siste åra måtte ein spe på med ei brakke for å få plass til alle. Skulen i Skogstjerna vart lagd ned i 1996 då elevane vart overførde til sentralskulen i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010