Hopp til innhold
X
Innhald

Skulane på Indre Hafslo

Livdtun skule var i bruk til 2007. Då vart den avløyst av den nye Indre Hafslo skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Livdtun skule var i bruk til 2007. Då vart den avløyst av den nye Indre Hafslo skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Joranger

fekk skulehus i 1864 like ved den gamle kyrkja. Det var i bruk til 1914, då sentralskulen "Livdtun" på Kjørlaug vart bygd. Krinsen fekk nytt skulebygg i 2007, og Livdtun vart selt.

Fet

fekk første skulehuset i 1865. Det vart seinare flytta, og frå 1915 brukt som skulehus i Ugulen.

Ugulen

krins fekk overta det gamle skulehuset frå Fet i 1915.

Mollandsmarki skule. Foto: Kåre Øvregard.

Mollandsmarki skule. Foto: Kåre Øvregard.

Mollandsmarki

I Mollandsmarki søkte foreldra heilt frå 1896 fåfengt om eige skulehus. Skulen i bygda førde eit omflakkande liv i leigde lokale heilt til skulehuset vart bygt i 1952, men skulen vart lagd ned etter få år p.g.a. lite barnetal. Ungane gjekk deretter ved Hafslo skule i nokre år, og frå 1981 ved "Livdtun" skule på Kjørlaug.

Indre Hafslo skule på Ljosvang vart teken i bruk i 2007.

Indre Hafslo skule på Ljosvang vart teken i bruk i 2007.

Livdtun sentralskule

Fet og Joranger krinsar vart slegne saman i 1914 med nytt skulehus på Kjørlaug. Skulehuset fekk namnet "Livdtun". Den er også av einskilde kjelder nemnd som "Livdheim". I 1962 vart også Ugulen krins og i 1982 Mollandsmarki sentralisert til Lidvtun. Skulen fekk stort tilbygg i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011