Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Førde

Elevar på Halbrend skule i aktivitet på kunstgrasbana ved skulen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elevar på Halbrend skule i aktivitet på kunstgrasbana ved skulen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første skuleordninga i Førde

Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld (Naustdal og Førde kommunar), den såkalla skulefundasen, vart sette opp i 1743.

Ungdomsskule og bydelsskular

Fram til 1974 var det berre ein grunnskulekrins i Førde sentrum. I 2010 er det fem barneskular i sentrum, i tillegg er det fire barneskular i bygdene utanom Førde sentrum.

Førde barneskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Førde barneskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kulturskulen i Førde

vart starta i 1987. Skulen har tilhald i Gamlebanken, og i 2012 var det 492 elevar og 17 tilsette, mellom dei seks distriktsmusikarar.

Mo Jordbruksskule

var den andre jordbruksskulen i Sogn og Fjordane, grunnlagt i 1858.

Mo og Jølster vidaregåande skule

- sjå Mo Jordbruksskule.

Mo Jordbruksskule rundt 1900. Foto: Kirkhorn.

Mo Jordbruksskule rundt 1900. Foto: Kirkhorn.

Amtsskulen på kort visitt i Førde

Amtsskulen var i Førde 1886-1891 med E. M. Hole som lærar.

Sunnfjord Ungdomsskule

Starta i Naustdal i 1902 etter initiativ frå haugianaren Torbjørn Horten frå Aurland.

Sunnfjord Folkehøgskule

- sjå Sunnfjord Ungdomsskule.

Sunnfjord Folkehøgskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Folkehøgskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Middelskule og realskule i Førde

I 1917 vart det starta toårig mellomskule i privat regi. Frå 1930 heitte den Førde framhalds- og mellomskule. Både denne og barneskulen heldt til i skulebygget frå 1894 i Kyrkjevegen.

Førde realskule

- sjå artikkelen Middelskule og realskule i Førde.

Førde Metallfagskule

vart grunnlagd i 1935. Skulen hadde 14 elevar første året, og vart offisielt kalla Sogn og Fjordane Metallfagskole frå 1937.

Sogn og Fjordane Metallfagskole

– sjå Førde Metallfagskule.

Fylkesyrkesskulen i Førde

– sjå Førde Metallfagskule.

Førde Yrkesskule

– sjå Førde Metallfagskule.

Øyrane vidaregåande skule

– sjå Førde Metallfagskule.

Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gymnasundervisning i krigsåra

Mellom 1944 og 1946 vart det starta gymnasundervisning i Førde, drive av kommunen.

Sogn og Fjordane Husstellskule

Husmorskulen vart starta i 1947 i Sivertsens Hotell i Førde, og flytta i 1957 inn i nybygg på Prestebøen.

Førde Gymnas

kom i gang i 1970.

Hafstad vidaregåande skule

- sjå Førde Gymnas og Førde Handelsskule.

Førde Handelsskule

starta i 1965 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad med Rolf Thingvold som styrar. Skulen vart integrert i Hafstad v.g. skule i 1993.

Førde Tekniske Fagskule

To-årig skule starta i 1968 etter initiativ frå rektor Erling Laberg ved Førde Yrkesskule.

Fagskulen i Førde

- sjå Førde Tekniske Fagskule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie ved Førde Sentralsjukehus (Høgskulen er den nærmaste bygningen). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie ved Førde Sentralsjukehus (Høgskulen er den nærmaste bygningen). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskular i Førde

I samband med opninga av Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i 1979, vart det starta sjukepleiarhøgskule i eit bygg like ved sjukehuset.

Høgskulen i Sogn og Fjordane - HSF

- sjå Høgskular i Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane under Sogndal kommune.

Pedagogisk servicesentral

Forsøksrådet for skuleverket skipa kring 1970 såkalla pedagogiske servicesentralar i spreiddbygde nynorskdistrikt. PTK-kontoret for indre Sunnfjord vart plassert i Førde.

Førde Norsksenter

Førde Norsksenter vart starta i 1999. Norsksenteret gjev undervisning i norsk og samfunnskunnskap til innvandrarar og asylsøkjarar og har til ei kvar tid rundt 100 elevar frå mellom 20 og 30 land. Senteret har sju lærarar, tre programrådgjevarar og ein leiar. Innvandrarar og asylsøkjarar i alderen 16 til 55 år har både rett og plikt til slik undervisning, medan dei mellom 55 og 67 har rett, men ikkje plikt til å ta del i undervisninga.

Nynorsk mediesenter

Styret i Norsk Rokskringkasting vedtok i 2003 å skipe eit nynorsk kompetansesenter knytt til distriktskontoret i Sogn og Fjordane.

Nynorsk avissenter

I 2013 starta Firda Media AS ei opplæring av journalistar – Nynorsk Avissenter med Arve Sandal som prosjektleiar. Senteret skal ta opp fire praktikantar om gongen, det første kullet tek til i august 2013. Nynorsk avissenter skal samarbeide med Nynorsk mediesenter om delar av undervisinga.

Trafikkskulen AS

vart starta i Førde i 2007 av 20 transportverksemder i Sogn og Fjordane. Målet er å utdanne 60-80 yrkessjåførar i året. I ”bilbyen” Førde er det i 2008 i alt sju andre, ”vanlege” trafikkskular: Førde Trafikkskule AS, TKT Trafikkskule, Abc Trafikkskule AS, BCD Trafikkskole, Odden Trafikkskole, Hatlestad Sunnfjord Trafikkskole AS og Per’s Trafikkskole.

Flatene skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flatene skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunale barne- og ungdomsskular i 2007:

  • Førde ungdomsskule (8.-10.kl.) 308 elevar
  • Førde barneskule (1.-7.kl.) 218 elevar
  • Halbrend barne og ungdomsskule (5.-10.kl.) 356 elevar
  • Flatene barneskule (1.-4.kl.) 276 elevar
  • Slåtten skule (1.-7.kl.) 382 elevar
  • Frøysland skule (1.-7.kl.) 15 elevar
  • Holsen skule (1.-7.kl.) 25 elevar
  • Sunde skule (1.-7.kl.) 41 elevar
  • Karstad skule (1.-7.kl.) 22 elevar
  • Angedalen skule (1.-7.kl.) 37 elevar

Halbrend barne- og ungdomsskule med Førde sentrum i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Halbrend barne- og ungdomsskule med Førde sentrum i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015