Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Gaular

Lærarar og elevar på Sande skule skuleåret 1926/27. Skulebygningen står framleis, eit stykke aust for Sande sentrum i retning mot Viksdalen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lærarar og elevar på Sande skule skuleåret 1926/27. Skulebygningen står framleis, eit stykke aust for Sande sentrum i retning mot Viksdalen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Den første norske ordninga for ein ålmennskule kom i kjølvatnet av innføringa av den kyrkjelege konfirmasjonen i 1736. Holmedal prestegjeld, som omfatta bygdene kring Dalsfjorden, fekk gjennomført den såkalla «skulefundasen» (skuleordninga) i 1746.

Men undervisning kom ikkje i gang før prestegjeldet vart delt i eit indre og ytre 1755. I 1818 hadde kommunen ein skulehaldar i kvart sokn.

Her gjekk borna i Eldalen på skule før skulesentraliseringa tok til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her gjekk borna i Eldalen på skule før skulesentraliseringa tok til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

20 skulekrinsar

På slutten av 1800-talet vart det bygd ei mengd små skulehus i kommunen, som i 1895 hadde 20 skulekrinsar:

Skulehuset på Nes i Viksdalen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Skulehuset på Nes i Viksdalen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I Viksdalen: Øvrebotn, Råheim, Viken, Mjell, Eldal, Hestad og Vasstrand. I Viksdalen eksisterte dei små skulekrinsane heilt til sentralskulen i Viken vart bygd i 1962.

I Sande sokn: Skudal, Steien, Sygna, Senneset, Lunde.

I Bygstad: Strandnes, Sunde, Birkeland, Osen, Bygstad, Hjelmeland, Åse, Skilbrei.

Tidlegare Hestad skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Hestad skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pigeinstituttet på Sande

På 1890-talet dreiv lensmannsdottera Dorthea Sande ein jenteskule på Sande. Den vart kalla «Pigeinstituttet», og var ein husstellskule som vart driven i privat regi av lensmannsfamilien, og med Dorthea som lærar. Skulen hadde 8-9 elevar, som kom frå heile landet.

Strid om målforma i skulen

I 1910 kom det til eit hardt oppgjer om målforma i skulen.

Første skulekjøkenet i fylket

Bygstad skule var den første skulen i Sogn og Fjordane som tok i bruk skulekjøken i folkeskulen i 1957.

Sande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulesentralisering og ungdomsskule

Den store skulesentraliseringa på 1950- og 1960-talet gjorde at Gaular på få år reduserte talet på skuleskrinsar frå 18 til tre sentralskular.

Flyskule

Fjordane Flyklubb har base på flyplassen på Bringeland, der klubben driv flyskule.

Dagens skular:

  • Viksdalen skule 1.-10. klasse 92 elevar
  • Sande skule 1.-10. klasse 207 elevar
  • Bygstad skule 1.-7. klasse 120 elevar

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.09.2010