Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Gulen

Lærar og elevar på Ynnesdal skule i 1930. Framme frå venstre Sverre Wergeland, Hans Ynnesdal, Håkon Ynnesdal, Øystein Ynnesdal, Ivar G. Ynnesdal. Bak frå venstre Margit Ynnesdal Kjærland, Aslaug Wergeland Helleland, Borgny Ynnesdal Mjell, Alvhild Ynnesdal Midtbø og Margit Ynnesdal Stien. Bak står lærar Margit Oppedal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gulen var uvanleg tidleg ute med å byggje faste skulehus til avløysing for omgangsskulen, og i nokre få år vart det også drive realskule i kommunen.

Dei første skulehusa

Medan det elles i fylket var få faste skulehus før 1870-1880, hadde dei største krinsane i Gulen fått faste skulehus alt før 1850, ikkje minst takka vere innsatsen til den samfunnsengasjerte prosten Niels Griis Alstrup Dahl. Det første faste skulehuset i Sogn og Fjordane kom i Vik i 1741, då den mektige og rike prost Anders Daae gav eit hus like ved elva Hopra som skulehus til bygda. Sjå Den første skulen i Vik.

Brekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Barne- og ungdomsskulane i Gulen

Brekke var først ute med fastskule i det som i dag er Gulen kommune.

Snikkarskule i Opdal

I mellomkrigstida og åra etter 2. verdskrig var det vanleg at unggutar gjekk på snikkarkurs om vintrane. I Opdal vart dette meir organisert enn vanleg: I 1948 bygde nemleg sløydlærar Klaus Opdal ein to-etasjes verkstadbygning til føremålet, og her heldt han kommunale snikkarkurs fram til 1953.

Gulen realskule på Byrknesøy

Etter opptak frå lærar Pål Tveit, vart det i 1945 starta 2-årig realskule i det gamle skulehuset på Byrknes.

Husstellkurs i Eivindvik

På 1960- og 1970-talet vart det etter opptak frå skulesjef Søren Randal i Gulen drive ei yrkesline for husstellfag i Eivindvik. Klassen låg administrativt under husstellfagskulen i Førde.

Dagens skular i Gulen

sjå: Barne- og ungdomsskulane i Gulen.

Eivindvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.08.2010