Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Hornindal

Hornindal skule, bygd i 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal skule, bygd i 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første skulehusa i Hornindal

Det første skulehuset i Hornindal vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane.

Nordstranda krins for veglause bygder

Nordstranda krins omfatta grendene Furefjerding, Navelsaker og Otterdal.

Holmøy Arbeidsskule

skipa i 1858 av Hans Holmøy var første arbeidskulen/snikkarskulen i sitt slag i landet. Sjå Holmøy Arbeidsskule under Eid kommune.

Skulehuset til Friskulen. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Skulehuset til Friskulen. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Friskulen i Hornindal

1889-1891 vart skipa av frisinna honndøler som ein reaksjon på at Edvard Jensson Liljedal frå Lavik vart tilsett som klokkar og lærar i bygda i 1886. Som ein reaksjon mot at den konservative Liljedal vart tilsett, skipa honndølene sin eigen friskule som dei dreiv frå 1888 til 1892, med Haakon Aasvejen og Johannes Aashamar som lærarar.

Hornindal Folkehøgskule

vart driven av Haakon Aasvejen 1889-91 ved sida av friskulen.

Hornindal mellomskule

vart driven 1920-1924 av sokneprest Paul Emil Rynning.

Husflidskule på Grodås

I 1962 kjøpte Hornindal kommune ei stor tomt på Ytrehorn og bygde det såkalla Kursbygget. Her vart det i nokre år drive kurs i treskjering og smedarbeid. Tanken var at denne husfliden skulle verte ei attåtnæring til jordbruket i bygda. Hornindal kommune ynskte også å flytte Holmøy Arbeidsskule frå Holmøyane til Grodås, men kommunereguleringa i 1964 skipla desse planane.

Realskulen hadde klasserom i tredje høgda i dette skulehuset på Kirkhorn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Realskulen hadde klasserom i tredje høgda i dette skulehuset på Kirkhorn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Privat realskule

vart starta i 1943 på Kirkhorn av sokneprest Nils Eide. Dette var ein av fleire lokale realskular og gymnas som vart starta kringom i bygdene under krigen fordi foreldra kvidde seg for å sende undgomane sine bort i urolege krigstider. Hornindal kommune avslo å gje tilskot til realskulen, og dei 17 elevane betalte difor 30 kroner månaden i skulepengar. Realskulen heldt til i tredje høgda på barneskulen på Kirkhorn. Sidan skulen ikkje hadde eksamensrett, måtte elevane gå opp som privatistar i Volda. Skulen vart avvikla i 1947.

Ungdomsskule

innført hausten 1970, og nytt skulebygg på Kirkhorn teke i bruk 1974. Bygt etter prinsippet ”open skule”, der elevane skulle undervisast i store fellesrom. Frå 1998 til 2002 vart Hornindal skule utvida i to byggesteg.

Noverande skule:

*Hornindal barne- og ungdomsskule (1.-10. kl.) 196 elevar

I  Hornindal har alle elevane vore samla i ein skule sidan 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Hornindal har alle elevane vore samla i ein skule sidan 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.03.2011