Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Luster

I Ytre Kroken var det husmorskule frå 1897 til 1957. Dette biletet er teke i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Ytre Kroken var det husmorskule frå 1897 til 1957. Dette biletet er teke i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skulefundasen i Luster

I alle prestegjeld vart det halde «skulefundas» – dvs. eit møte der krinsinndeling og andre lokale skuleordningar vart fastsette.

Framlegg om frie skulebøker

Thomas Amle kom i 1816 med framlegg om at skuleborna skulle få fritt skulemateriell. Men framlegget fekk ikkje nok støtte.

Fastskular i Luster

Enkeltomtaler av skulekrinsane, bygd på skulesoga for Luster, samla av Kåre Øvregard.

Skuleområdet på Hafslo, der det er både barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skuleområdet på Hafslo, der det er både barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kveldsskular og framhaldsskular i Luster

Det første ålmenne «vidareutdanningstilbodet» utover folkeskulen i Luster kom i gang midt på 1870-talet.

Privatskular i Luster

Mange av dei velståande overklassefolka som budde i Luster heldt seg i gamal tid med privatlærar for borna sine.

Mellomskule på Lyster Sanatorium

På sanatoriet på Harastølen vart det sett i gang både folkeskule og mellomskule for borna til dei tilsette som budde der.

Munthehuset i Kroken - i si tid husa det husmorskule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset i Kroken - i si tid husa det husmorskule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Realskulen i Gaupne

Krigstida med reiseproblem og mykje otte for ungdom som måtte bu heimanfrå når dei gjekk på realskule og gymnas, førte til ei oppblomstring av ei mengd lokale skuletilbod. Sjå: Sogndal gymnas og realskule. I Gaupne vart det i 1944 starta to-årig realskule med ein klasse kvart år. Eksamensretten sorterte under realskulen Sogndal. Realskulen vart lagt ned i 1946.

Husmorskulen i Kroken og på Hafslo

Sogn Fjordane fylke - den gong Nordre Bergenhus Amt - starta ein av dei første husmorskulane i landet i Holmedal i Askvoll kommune i 1877. 20 år seinare vart husmorskulen i 1897 flytta til Munthehuset i Ytre Kroken, og seinare til Hafslo.

Hafslo husstellfagskule

– sjå: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo.

Hafslo vidaregåande skule

– sjå: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo.

Yrkesskulen i Kinsedal

Etter 2. verdskrig stod ei mengd bygningar etter tyskarane sitt «aluminiumseventyr» i Kinsedal tome. Frå 1946 til 1952 vart desse bygningane nytta av fylket til ein yrkesskule i mekanikar-, elektro- og røyrleggjarfag.

Ungdomsskulen i Luster

I 1986 fekk Hafslo kombinert barne- og ungdomsskule, der også borna frå Solvorn og Veitastrond går dei tre siste skuleåra. Nybygg for ungdomsskulen i Gaupne vart teke i bruk i 2003.

I desse bygningane i Gaupne heldt Luster vidaregåande skule til. Foto: Kåre Øvregard.

I desse bygningane i Gaupne heldt Luster vidaregåande skule til. Foto: Kåre Øvregard.

Luster vidaregåande skule

I 1977 starta Sogndal yrkesskule ein filial i Gaupne med eitt-årig grunnkurs i maskin- og mekanikarfag. I 1998 vart vidaregåande skulen i Gaupne lagd ned, men namnet er overteke av husstellfagskulen på Hafslo.

Lærar Jan Nystuen og elevane Gaute Lindskog og Emil Bøen på Luster vidaregåande skule i Gaupne skuleåret 1995/96. Foto: Kåre Øvregard.

Lærar Jan Nystuen og elevane Gaute Lindskog og Emil Bøen på Luster vidaregåande skule i Gaupne skuleåret 1995/96. Foto: Kåre Øvregard.

Luster Musikkskule

vart starta i 1978. På dei første 22 åra har musikkskulen gjeve musikkundervisning til kring 2000 born og unge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011