Hopp til innhold
X
Innhald

Skule i veglause grender

Det gamle skulehuset på Finden er i dag brukt til møtelokale og overnatting for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Det gamle skulehuset på Finden er i dag brukt til møtelokale og overnatting for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Omgangsskule før 1900

Folkeskulen på Strendene (grendene vest for Arnafjorden) var omgangsskule før 1900. Då vart bygdelaga delte inn i tre krinsar:

Sylvarnes

fekk eige skulehus i 1901.

Finden

fekk skulehus i 1920.

Vetlesand

vart eigen krins 1917 og fekk skulehus 1924.

Farleg skuleveg

Dei veglause gardane gjorde at mange skuleborn måtte bu heimefrå. Frå Finnabotn måtte borna ro til skulen, men om vinteren når dei tok seg fram over fjordisen, kunne det vere farleg. I 1890 vart det skote gangveg inn i fjellet for å lette ferdsla mellom Finnabotn og Finden.

Frå skule til grendahus

Etter 2. verdskrig vart mange gardsbruk på Strendene fråflytta, og barnetalet gjekk ned. Skulen på Sylvarnes var den siste som var lagd ned i 1985. Skulehusa i Finden og Sylvarnes har sidan vorte nytta som grendahus. Frå 2007 har skulehuset i Finden vore brukt til møtelokale og overnatting for Finden Gard .

Simlenes

lengst aust i kommunen hadde eigen skule frå 1907 til 1916. Då gjekk også borna frå Grønli på Fresvikåsen på skule der. Seinare vart borna på Simlenes skyssa med båt til skulen i Fresvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011