Hopp til innhold
X
Innhald

Skulefundasen i Luster

Før dei første fastskulane kom var det omgangsskule på gardane. Dette skulehuset finn vi ved Dale. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Før dei første fastskulane kom var det omgangsskule på gardane. Dette skulehuset finn vi ved Dale. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Som ei fylgje av innføring av konfirmasjonsordninga i kyrkja i 1736, kom den første norske skulelova i 1739. Tanken var at ungane skulle lære eit minstemål av kristendomskunnskap, skriving og rekning før dei «las for presten» - dvs. førebudde seg til konfirmasjonen.
I alle prestegjeld vart det i åra etter halde «skulefundas» - dvs. eit møte der krinsinndeling og andre lokale skuleordningar vart fastsette.

For bygder i Luster vart denne «skulefundasen» halden i Solvorn i 1741. I dei fleste bygder vart skulen i lang tid ordna som omgangsskule. Unntaket var Dale krins, der borna heilt frå starten hadde fastskule i klokkargarden.

I 1860 kravde nye skulelover fastskule i alle krinsar, men i einskilde bygder heldt likevel barneskulen til i leigde lokale heilt fram på 1960-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011