Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen i Brekke-området

Lovisendal var skule frå 1825 til 1853. Foto: Ottar Starheim, NRK

Lovisendal var skule frå 1825 til 1853. Foto: Ottar Starheim, NRK

Den gamle offisers- og sorenskrivargarden Lovisendal vart i 1825 kjøpt av Brekke soknekommune etter opptak frå prost Niels Griis Alstrup Dahl. Lovisendal vart innreia til skule for ungane i Brekke og bygdene kring Instefjorden. På Lovisendal var det to lærarar.

Skulen flytta til garden Nedre Haugland i 1853, der Lasse Ellingsen bygde skulehus med lærarbustad. Krinsane i Oppedal, Instefjord og Kringla/Ynnesdal fekk omgangslærar frå same tid.

I 1906 vart skulehuset på Nedre Haugland seld og erstatta med eit nytt og større skulehus på Øvre Haugland. Brekke fekk framhaldsskule i 1910.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2009