Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen i Eivindvik

Dette huset i Fonnevika skal vere bygd som skulehus av prost Niels Griis Alstrup Dahl.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset i Fonnevika skal vere bygd som skulehus av prost Niels Griis Alstrup Dahl.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første faste skulen ved Eivindvik heldt til i Fonnevika. Det første skulehuset på Eivindvik-sida av Prestesundet vart bygt på Undertun i 1835. Dette var det første faste skulehuset i Sogn og Fjordane. Nytt skulehus vart bygt i 1880.

Dette huset var skule for Eivindvik-området til 1956.

Dette huset var skule for Eivindvik-området til 1956.

På Undertun vart det bygt nytt skulehus for Eivindvik krins i 1956. Skulebygningen fekk namnet «Gulatun». I Eivindvik vart det også starta framhaldsskule, først i det gamle kommuehuset, seinare i ungdomshuset og på nyeskulen då den kom i 1956.

Dagens skule i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens skule i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2010