Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen i Fortundalen

Den eldste av bygningane på Fortun skule, bygd i 1912. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den eldste av bygningane på Fortun skule, bygd i 1912. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun fekk det første faste skulehuset i 1867, men lange avstandar gjorde at fleire grender hadde omgangsskule til langt inn på 1900-talet. Det første skulehuset i Fortun låg like ved den gamle Forthun Turiststasjon.

Nytt skulebygg vart teke i bruk i 1912, og utvida i 1975. Svensøy og Bjørk fekk eige skulehus i 1902, då det gamle skulehuset frå Skolden vart flytta dit. Dette huset var i bruk heilt til 1938, då ungane frå krinsen vart flytta over til Fortun.

I Bergsdalen nytta dei ei gamal stove som skulehus frå 1895 til 1917. Dette huset vart berre nytta i vintermånadane når det vart for hardt for ungane å gå til skulen i Fortun.

Under Fortun-utbygginga kring 1960 var det 36 skulepliktige innflyttarungar berre i Fortun, men kommunen greidde å kome over anleggsfasen utan å byggje tilbygg til skulane i Skjolden og Fortun.

Fortun skule vart lagd ned i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011