Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen i Jostedalen

Jostedal skule på Bjørk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedal skule på Bjørk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedalen var frå først av delt i eit øvre og nedre distrikt: Til nedre høyrde Myklemyr, Sperle og deler av Kreken - til øvre resten av Kreken, Krundalen, Mjølverdal og Fåberg. Kvart distrikt hadde si eiga omgangsskuleordning.

Sperle

Frå 1860 fekk ein «kyrkjekrinsen» kring Sperle, der ungar frå gardane på begge sider av elva gjekk. Ofte var elva så stri at det måtte ordnast med skule også på austside-gardane. Sperle krins fekk fast skulehus i 1876, delvis finansiert ved midlar frå eit gamalt offentleg kornmagasin i bygda - sjå også Jostedals Sparebank. Skulehuset var i bruk til ungane vart flytta til sentralskulen på Bjørk i 1968.

Skulehuset på Sperle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset på Sperle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myklemyr

fekk eige skulebygg i 1894. Det var i brukt til 1964, då ungane vart skyssa med skulerute til Kreken krins.

Skulen i Kreken

Kreken krins fekk skulehus på Bjørk i 1885.

Krundalen krins

fekk eige skulehus i 1898 på Snøtun. Dette skulehuset er i dag flytta til prestegarden i Jostedalen og nytta som eit lite skulemuseum. Krundalen fekk ny skule i 1959. Etter at skulen vart sentralisert i 1968, har skulehuset i Krundalen vorte nytta til leirskule og som «fjellsportsenter» og kursstad for Jostedalen breførarlag under nemninga «Bretun». Breførarlaget kjøpte bygningen i 1990.

Skulehuset i Krundalen er i dag kursstad for Jostedalen Bréførarlag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skulehuset i Krundalen er i dag kursstad for Jostedalen Bréførarlag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjølværdal krins

øvst i Jostedalen fekk eige skulehus på Lien i 1891 - også dette finansiert ved lån frå «Kornmagasinfondet». Då skulen vart sentralisert bort i 1968, vart dette huset flytta til Fåbergstølen og nytta som privat hytte.

Sentralskule i Jostedalen

Den første tanken om ein samleskule for krinsane Myklemyr, Sperle og Kreken dukka opp midt på 1950-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011