Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen i Kreken

Det gamle skulehuset på Bjørk. Foto: Kåre Øvregard.

Det gamle skulehuset på Bjørk. Foto: Kåre Øvregard.

Kreken krins fekk skulehus på Bjørk i 1885. Dette huset vart også brukt som sparebankkontor, folkeboksamling og kommunehus i Jostedal kommune fram til 1907, då desse funksjonane vart flytta til eit hus på Bruvoll.

Skulehuset på Bjørk var dårleg og umoderne, og vart stengt av helserådet i 1957. Etter den tid gjekk dei eldste skuleungane på skule i leigde lokale hjå Ola Kreken og i kommunehuset fram til skulesentraliseringa i 1968. Frå 1933 til 1950-åra heldt ungane frå dei første alderstrinna i Kreken krins til i eit hus som kommunen kjøpte på Vamberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011