Skulen i Skjolden

Elevar og lærarar ved Bolstad skule i 1919. Lærarane var Marta Brathole og Olav Tjønn. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Bolstad krins fekk eige skulehus på Bolstad almenning - dvs. Skjolden - i 1862, og nytt skulehus i 1898.
Fjøsne krins vart driven som eigen skulekrins fram til 1898. Frå 1890 til den vart slegen saman med Bolstad, heldt den til i ei ørlita stove, kalla «Vetla-stova».
Mørkrid var eigen skulekrins i leigde lokale heilt fram til 1955, då grenda vart sentralisert til Bolstad skule. Fram til då heldt skulen til i ei gamal kårstove som vart kalla «Ivarstova». Ved nokre høve var barnetalet så lite av ungane mellombels måtte gå på skule på Bolstad.
Bolstad skule vart utvida i 1977. I 1994 vart det nye badeanlegget i Skjolden Nærings- og samfunnsbygg - Fjordstova - opna, og vert nytta av skulane både i Skjolden og Dale.

Fjordstova. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.03.2011