Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen på Indre Hafslo

Joranger fekk skulehus i 1864 like ved den gamle kyrkja. Det var i bruk til 1914, då sentralskulen «Livdtun» på Kjørlaug vart bygt.

Fet

fekk første skulehuset i 1865. Det vart seinare flytta, og frå 1915 brukt som skulehus i Ugulen.

Ugulen krins

fekk overta det gamle skulehuset frå Fet i 1915.

Mollandsmarka

søkte foreldra heilt frå 1896 fåfengt om eige skulehus. Skulen i bygda førte eit omflakkande liv i leigde lokale heilt til skulehuset vart bygt i 1952, men skulen vart lagt ned etter få år pga. lite barnetal. Ungane gjekk deretter ved Hafslo skule nokre år, og frå 1981 ved «Livdtun» skule på Kjørlaug.

Livdtun sentralskule på Indre Hafslo

Fet og Joranger krinsar vart slegne saman i 1914 med nytt skulehus på Kjørlaug. Skulehuset fekk namnet «Livdtun». Den vart også av einskilde nemnt som «Livdheim». I 1962 vart også Ugulen krins og i 1982 Mollandsmarka sentralisert hit. Skulen fekk stort tilbygg i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008