Hopp til innhold
X
Innhald

Skulen på Ytre Hafslo

Det store skulehuset som vart bygt på Mo i 1909 og den nyare delen, bygd i 1961. Der er det no skulefritidsordning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det store skulehuset som vart bygt på Mo i 1909 og den nyare delen, bygd i 1961. Der er det no skulefritidsordning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ugulen lengst nord i bygda fekk skulehus i 1862. Huset vart rive og selt berre to år etter. Nytt skulehus i Ugulen kom i 1915, då det gamle skulehuset på Fet vart flytta dit.

I Kvam

lengst sør i bygda vart det bygt skulehus i kombinasjon med klokkar/lærarbustad i 1862. Dette bygget var i bruk som skule heilt til den første sentralskulen for Ytre Hafslo vart teken i bruk i 1909.

Kreken krins

i midtre delen av bygda fekk skulehus i 1870, og var i bruk til 1909. Huset vart rive og flytta til Ornes i 1910.

Sentralskule på Mo

Ytre Hafslo fekk sin første «sentralskule» på Mo midt i bygda i 1909. Skulen fekk stort tilbygg i 1961.

Kombinert barne-og ungdomsskule

I 1987 vart det bygt kombinert barne- og ungdomsskule i Ytre Hafslo, like ved den gamle skulebygningen på Mo.

Denne bygningen, sett opp i 1994, husar spesialrom både for Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne bygningen, sett opp i 1994, husar spesialrom både for Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011