Hopp til innhold
X
Innhald

Skuleutbygginga i Sogn og Fjordane

Firda vidaregåande skule på Sandane i 2009. I midten skulebygningen frå 1922, til høgre ser vi litt av Trivselshagen, der skulen har ein del av tilboda sine. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda vidaregåande skule på Sandane i 2009. I midten skulebygningen frå 1922, til høgre ser vi litt av Trivselshagen, der skulen har ein del av tilboda sine. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Heilt frå 1840-talet har bygging og drift av skular vore ei av dei viktigaste oppgåvene for fylkeskommunen. Men all skuleutbygging som fylket har hatt ansvaret for, har vorte utløyst av statlege initiativ og vedtak om økonomisk støtte til dei ulike skuleslaga.

Amtsskular og jordbruksskular prioriterte

Det første skuleslaget som Sogn og Fjordane fylke satsa på, var jordbruksskular, drivne med statsstøtte. Dei første åra frå 1846 leigde fylket garden Vestrheim på Kaupangerskogen til landsbruksskule.

Ved ei ny skulelov i 1860 fekk fylket ei eiga «fylkesskulekasse».

I 1856 kjøpte fylket storgarden Mo i Førde til føremålet - Mo Jordbruksskule. Storgarden Rikheim i Lærdal vart leigd til landbruksskule frå 1898 til 1907 - sjå: Jordbruksskulen på Rikheim. I 1917 starta hagebruksskulen i Aurland (sjå: Skular i Aurland), og 1920 fekk så Nordfjord sin eigen landbruksskule i Stryn - sjå: Mindresunde og Langvin jordbruksskular.

Ved ei ny skulelov i 1860 fekk fylket ei eiga «fylkesskulekasse».

Frå denne vart det ytt støtte til lærarutdaning, løner og skuledrift i kommunane. Men fylket hadde liten praktisk innverknad på drift og organisering av barneskulen.

Lærarskulen i Balestrand

Den statlege lærarskulen som var i drift i Balestrand frå 1863 til 1881, var eit svært viktig tiltak i arbeidet med å skaffe kvalifiserte lærarar til skulane i fylket. 236 lærarar vart utdanna ved denne skulen.

Amtsskulane

I 1875 starta fylket dei såkalla «amtsskulane» - seinare kalla «fylkesskular». Dette var eit skuletilbod for ungdom som var ferdige med folkeskulen, og undervisninga var i såkalla «ålmenfag». Også desse amtsskulane kom i gang fordi det kom ordningar med statsstøtte til drifta. Den første amtsskulen i Fjordane kom i gang på Apalset i Gloppen i 1876, medan Sogndal folkehøgskule, skipa 1871, skulle tene som amtsskule for Sogn. I 1877 kom det også i gang ein amtsskule i Florø, og frå 1900 var denne skulen lokalisert til Nordfjordeid.

Holmedal gard, der fylkets første husmorskule vart starta i 1877. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal gard, der fylkets første husmorskule vart starta i 1877. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første husmorskulen

I 1864 hadde skuledirektør Lous - støtta av framståande embetsmenn og politikarar - teke opp tanken om å skipe ein «jenteskule» i fylket. Etter samarbeid med Søndre Bergenhus Amt, vart det lyst ut ei tevling der folk kunne bidra med idear til fag og innhald i ein slik skule.

Fiskarfagskulen i Florø

Men lite konkret hende før Stortinget i 1875 ytte statsstøtte til amtsskular. I 1877 vart den første «amtsskulen» for jenter starta i Holmedal - sjå: Skular i Askvoll. I praksis var dette ein «husmorskule» som først og fremst gav jentene opplæring i husstell, matlaging og barnestell. Denne husmorskulen vart seinare flytta til Svanøy, deretter til Kroken i Luster, før den i 1957 hamna i Hafslo. Husmorskulen i Stryn vart starta i 1914, og i 1947 Sogn og Fjordane Husstellskule i Førde.

Fiskarfagskulen i Florø

I 1921 bygde fylket fiskarfagskule i Florø. Men utanom desse yrkesskulane for jordbruk, fiske og husstell, må ein til slutten av 1940-talet for å finne eit større fylkeskommunalt engasjement i bygging og drift av andre typar yrkesskular. Fram til då var det private skular som t. d. sytte for undervisning i elektrofag, jern og metall, handelsfag osb.

Dei første gymnasa

Heller ikkje den første skipinga av gymnas i fylket hadde utspringet sitt i eit initiativ frå fylkesting eller fylkesadministrasjon.

Opptaket til det første gymnaset i 1921 - Firda Gymnas på Sandane - kom frå lokale ungdomslag og mållag i Nordfjord og Sunnfjord. Det to-årige Eids Gymnas som vart starta på Nordfjordeid året etter, var starta og drive av kommunen - sjå: Skular i Eid.

Under andre verdskrig førde reiserestriksjonar og andre problem til at det vart starta ein mengd gymnasklassar kring om i fylket: Slike «krigsgymnas» fanst i Aurland, Balestrand, Sogndal, Høyanger, Fjaler og Florø. Sogndal gymnas og realskule vart lenge drive som interkommunal skule før fylket tok over gymnasdrifta kring 1960. Det første gymnaset i Sunnfjord som vart bygt i fylkeskommunal regi, kom i Florø i 1967: Flora gymnas.

Flora vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Alle» fekk vidaregåande skule

I 1972 vedtok fylkestinget ein desentralisert utbyggingsplan for vidaregåande skular som i praksis gav nærpå alle kommunane i fylket eit vidaregåande skuletilbod. Fylket vart delt inn i 12 regionar med eitt stort senter i kvar, og med filialklassar kringom. I det vidaregåande skuleverket gjekk både dei gamle gymnasa og yrkesskulane inn. Seinare har det sterkt desentraliserte skulemønsteret vorte krympa, og mange skuletilbod nedlagde av økonomiske grunnar.

Måløy Maritime Senter husar dei maritime linene på Måløy vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Maritime Senter husar dei maritime linene på Måløy vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015