Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal folkehøgskule

Elevflokken på Sogndal Folkehøgskule i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevflokken på Sogndal Folkehøgskule i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal folkehøgskule vart skipa 9. januar 1871 av prest og seinare stortingsrepresentant og statsråd Jakob Liv Rosted Sverdrup, og vart ein av dei første folkehøgskulane i Noreg. Det var presten Peter Lorentzen Hærem (1840-1878) som tok opp tanken om å få skipa pietistiske, Lutherske folkehøgskular som ei «motvekt» mot dei grundtvigianske skulane, som av mange vart rekna som altfor frisinna. Han søkte kontakt med teologar, mellom desse venen Jakob Sverdrup i Sogn. Sverdrup fekk i 1869 eit reisestipend frå kongen og nytta pengane til eit studieopphald på danske folkehøgskular. Men han fekk lite til overs for dei grundtvigianske folkehøgskulane i Danmark.

Tilrådd «på det kraftigste»

Tilrådd «på det kraftigste»

Med økonomisk støtte frå Hærem-komiteen starta Sverdrup førebuingane av skulen. Valet fall på Sogndal, der han fekk varm støtte frå prost J. E. Smith då han søkte formannskapet om tilskot. Også skuledirektøren i Bergen stiftsamt, Theodor Lous, tilrådde skulen «paa det kraftigste» i eit personleg brev som han skreiv til dåverande ordførar i Sogndal, godseigar Christen Knagenhjelm. Sogndal kommune ytte saman med Sogndal Sparebank 30 specidalar slik at skulen kom i gang.

Samarbeid med Storms landbruksskule

Martin Luther Storm, som då dreiv ein jordbruksskule på Loftesnes i Sogndal, tok kontakt med Sverdrup om samarbeid. Dei prøvde dette i eitt år før dei skilde lag fordi dei vart usamde om styringsforma. Sjå Storms private jordbruksskule i Sogndal.

Slik såg folkehøgskulen ut i 1914. Heilt  til venstre Badehuset.  Vidare ser vi Haugehuset, som er den einaste av bygningane på biletet som framleis står på skuleområdet. I midten ser vi styrarbustaden, som no står på Sogn Folkemuseum. Ukjend fotograf. Eigar: Gunnhild A. Stedje/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slik såg folkehøgskulen ut i 1914. Heilt til venstre Badehuset. Vidare ser vi Haugehuset, som er den einaste av bygningane på biletet som framleis står på skuleområdet. I midten ser vi styrarbustaden, som no står på Sogn Folkemuseum. Ukjend fotograf. Eigar: Gunnhild A. Stedje/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Folkehøgskulen heldt det første året til i den gamle sorenskrivargarden på Loftesnes saman med Storm sin «landbruksskule», og frå 1871 til 1874 på Bahus. Dette var storgarden som låg der Sogndal Hotell seinare vart bygt.

Haugehuset slik det ser ut i 2006. Dette er det einaste av husa frå 1875 som framleis står på Helgheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haugehuset slik det ser ut i 2006. Dette er det einaste av husa frå 1875 som framleis står på Helgheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein formell kunnskapsskule

Første året hadde folkeshøgskulen 30 elevar, og levde på tilskota frå Hærem-komitéen. Undervisninga var basert mykje på foredrag, og kvar onsdag var det diskusjonskveldar der både politiske og religiøse spørsmål vart drøfta. Men skulen skilde seg mykje frå dei danske folkehøgskulane ved at Sverdrup også tok i bruk lærebøker og dreiv undervisning i religion.

Av dei formelle faga, vart det lagt mest vekt på historie, morsmål, naturlære, rekning og geometri, geografi og religion. Men også rettslære og «velstandslære» var med i timeplanen. Undervisninga vart dermed meir formell og stram på Sverdrup sin folkehøgskule - i motsetnad til den grundtvigianske folkehøgskulen, der det var meir leik og moro.

Elevar og lærarar i 1903. Foto: Andreas Mathias Anderssen.

Elevar og lærarar i 1903. Foto: Andreas Mathias Anderssen.

Folkehøgskulen får amtsskulestatus

I 1875 søkte folkehøgskulen om fylkestilskot til drifta. På denne tida arbeidde fylket med skiping av ålmendannande amtsskular (Amtsskulen på Apalset var ein av dei). Desse hadde eit undervisningsopplegg som ikkje var langt unna folkehøgskulen i Sogndal.

Med litt tilpassing av sin eigen undervisningsplan, slik at den vart meir lik amtskuletilbodet, fekk Sogndal folkehøgskule fylkestilskot, og vart rekna som amtsskule for Sogn.

Jakob Sverdrup fekk ein alvorleg sjukdom dei siste åra han var i Sogndal, og sette då broren Hersleb Sverdrup inn som styrar.

I lang tid var det berre gutar som fekk gå på hovudkursa om vinteren. Jenter hadde frå 1879 til 1926 eigne vårkurs.

Eitt av vårkursa for jenter på Helgheim. Foto: Nils O. Reppen. Eigar: Ola Vestrheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eitt av vårkursa for jenter på Helgheim. Foto: Nils O. Reppen. Eigar: Ola Vestrheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Helgheim vert bygt

Då Jakob Sverdrup vart valt inn på Stortinget for Venstre i 1876, vart presten Henrik Mohn Dahl skulestyrar. Han hadde vore lærar ved skulen sidan 1874, og bygde for eigen kostnad ny skulebygning like ved Loftesnessundet i 1875. Den fekk namnet Helgheim, som også har vore det lokale namnet på folkehøgskulen fram til i dag.

Skulebygningen frå Helgheim som no står på Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulebygningen frå Helgheim som no står på Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulebygg på museum

Den første skulebygningen er teken vare på, og er flytta til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Førande i nynorsk

Under Dahl vart Sogndal folkehøgskule ein av dei førande skulane i landet i nynorsk målbruk, og han dreia også undervisninga i meir frisinna retning enn det Sverdrup hadde gjort. Skulen har ei samling på over 2000 bøker etter Henrik Mohn Dahl, den eldste boka er frå 1753.

Både Sverdrup og Dahl deltok aktiv i samfunnslivet utanom skulen, og var begge m.a. ordførarar i Sogndal.

Helgheim under krigen

Helgheim under krigen

Ved krigsutbrotet var Sogndal Folkehøgskule, Helgheim, nytta som mobiliseringsstad for norske styrkar til stridane i Valdres. Under tilbaketoget frå kampane var det mange soldatar som bytte om til sivile klede på skulen og la frå seg våpna der før dei reiste heim.

På sommaren driv skulen Sogndal Vandrarheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På sommaren driv skulen Sogndal Vandrarheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2012