Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal gymnas og realskule

Elevar ved den private realskulen i Solhov i 1938. Framme frå venstre: Hjørdis Bondhus, Svanhild Foss, Ragnhild Torvanger, Gerd Kvam, Kirstina Gjørven, Gjertrud Lidal og Gerd Berge. Midtrekkja: Lærar Olav Martin Leirvåg, Erling Bondhus og Erik J. Loftesnes. Bak: Jomar Lie, Kåre Aaberge, Nils Landmark Lem, Harald Ylvisåker og Lauritz Leirvåg. Ukjend fotograf. Eigar: Kåre Aaberge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1924 sette Sogndal kommune ned ein nemnd for å få skipa ein «Språk- og realskule» i bygda. I 1926 kom nemnda med tilrådinga om å starte realskule, men kommunestyret valde å la vere å starta skulen fordi ein meinte den kunne verte ein konkurrent til Sogndal folkehøgskule.

Starten var privat realskule

I 1936 kom den unge teologistudenten Olav Leirvåg til Sogndal for å arbeide som portier på eitt av hotella. Han fekk kontakt med skulestyreformannen Lars Uglum, og same året starta Leirvåg realskule med 16 elevar i ungdomshuset Solhov.

Ein del av realskuleelevane i Sogndal fekk undervisning på Trudvang på slutten av 1930-talet. Foto: Leiv Bergum.

Ein del av realskuleelevane i Sogndal fekk undervisning på Trudvang på slutten av 1930-talet. Foto: Leiv Bergum.

Sogndal realskule i Trudvang

Frå hausten 1937 fekk realskulen to klassar flytta over i andre høgda i barneskulen Trudvang, der kommunen let skulen halde til gratis utan husleige og andre driftsutgifter. Skulen fekk no namnet Sogndal realskule. Då Leirvåg slutta og gjekk over i anna yrke i 1939, kjøpte kommunen skulen.

Gymnas under krigen

Krigsåra skapte vanskar for ungdom som skulle reise heimanfrå for å ta gymnasutdanning. Difor vart det starta ein mengd lokale gymnasklassar kringom i Sogn og Sunnfjord. Nordfjord var på den tida betre stilt med gymnas i nærleiken, på Sandane og Nordfjordeid. Både Florø, Dale, Høyanger, Balestrand, Aurland og Sogndal fekk gymnas i desse åra. Alle med unntak av Sogndal fekk kort levetid.

I 1944 vart det i samband med Sogndal realskule starta to-årig gymnas med lektor Paul Berdal som styrar.

Interkommunal realskule og gymnas

I 1951 vart realskulen i Sogndal interkommunal ved at kommunane Jostedal, Hafslo og Luster gjekk inn som medeigarar. Skulen vart samstundes tre-årig. I 1956 gjekk gymnaset inn i den interkommunale ordninga. I 1958 slutta Lærdal kommune seg til som medeigar, og Leikanger kommune i 1959.

Frå skuleåret 1957/1958 vart Sogndal gymnas tre-årig samlegymnas med eksamenrett. I 1964 overtok Sogn og Fjordane fylke som eigar, og i 1965 flytta Sogndal gymnas inn i nybygg. Sogndal Gymnas gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992.

Sogndal vidaregåande skule på Fosshaugane i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal vidaregåande skule på Fosshaugane i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.08.2011