Hopp til innhold
X
Innhald

Sogndal Handelsskule

Sogndal Handelsskule vart starta som kommunal skule i 1971 i den såkalla «Hole-brakka» ved Trudvang som tidlegare Olav Holes Handelsskule hadde nytta fram til den private skulen vart lagt ned kring 1970.

I 1974 vart Sogndal Handelsskule overteken av fylket, samstundes som den flytta inn i nybygg på Fosshaugane. Den gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992 saman med Sogndal gymnas (sjå: Sogndal gymnas og realskule) og Sogndal fylkesyrkesskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008