Hopp til innhold
X
Innhald

Solheim ein stor krins

Solheim skule. Skulehuset vart rive i 1969.

Solheim skule. Skulehuset vart rive i 1969.

Nedstryn fekk eige skulehus i 1877, og her vart det plass til borna frå krinsane Ytreeide, Kyrkjeeide, Gjørven, Stauri og Sætre. Namnet var Solheim skule, og dette var på eit vis ”hovudkrinsen” i Nedstryn. Læraren var samstundes klokkar i Nedstryn kyrkje, og han budde på klokkargarden Solheim.

På slutten av 1960-talet var det planar om å byggje den nye samleskulen på Storesunde. Kommunen hadde lova at bilfirmaet Scania skulle få nytte skuletomta på Solheim til eit nytt serviceanlegg. Men det drog ut på Storesunde skule, og for å halde avtalen med bilfirmaet, vart skulehuset på Solheim rive likevel, i 1969. Skuleborna måtte på etterjulsvinteren husast inn ei privat stove i grenda. Hausten 1969 vart dei flytta ned til skulen på Tonning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010